Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRønnekleiv, Ingrid Røyrvik
dc.date.accessioned2023-09-19T13:08:58Z
dc.date.available2023-09-19T13:08:58Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3090504
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanning 5.- 10. trinn, naturfag. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractNysgjerrigheit og undring er heilt sentrale element i utforskande arbeid og i naturfag, i tillegg er det eit fenomen som er ein naturleg del av barndomen. I skulen kan nysgjerrigheit og undring blant anna skape engasjement, interesse, deltaking og kritisk tenking blant elevane. Fleire forfattarar uttrykker at barn sin nysgjerrigheit og undring forsvinn i skulealder, samstundes er det verdiar som er viktige i norsk skule. Det vil derfor vere eit viktig pedagogisk tema å finne ut kva som kan fremme og hemme elevane sin nysgjerrigheit og undring. Hensikta med denne oppgåva er å finne ut korleis lærarar i naturfag fremmar nysgjerrigheit og undring i utforskande arbeid. For å undersøkje dette har eg laga to forskingsspørsmål som fokusera på kva lærarane opplev stimulera nysgjerrigheit og undring, samt kva føresetnadar og utfordringar dei opplev at det er. Innblikk i desse to vil vere eit godt utgangspunkt for å kunne diskutere kva som kan fremme nysgjerrigheit og undring i utforskande arbeid. For å undersøkje desse forskingsspørsmåla har det blitt gjennomført fem semistrukturerte intervju av naturfaglærarar, der eg har fått innblikk i lærarane sine erfaringar og refleksjonar. Gjennom ein fenomenologisk hermeneutisk tilnærming skal lærarane sine erfaringar med nysgjerrigheit og undring skildrast, tolkast og drøftast. Resultata frå analyseprosessen viser at lærarane meina at det som kan stimulere nysgjerrigheit og undring i det utforskande arbeidet hovudsakleg er knytt til lærarrolla og aktivitetar og tilpassingar av undervisninga. Funna viser at læraren er ein rollemodell og må sjølv ha og vise dei haldningane og verdiane som ein ønskjer frå elevane. Læraren må dermed vere nysgjerrig, undrande, interessert, engasjert, deltakande, og kritisk og audmjuk til kunnskap. Vidare er det mange aktivitetar og tilpassingar av undervisninga som kan vere stimulerande, og lærarane trakk fram relevant og spennande tema, praktisk arbeid og ekskursjon, elevaktivitet og elevdeltaking, elev- og lærarspørsmål, og å skape kognitiv konflikt. Dei føresetnadane som er viktige for å kunne skape nysgjerrigheit og undring er sosial- og fagleg tryggheit blant elevane, hjelp og støtte frå lærar, at elevane får øve på å vere nysgjerrig og undrande, læraren sin tryggheit og innsats i faget, samt rammefaktorane tid og utstyr. Utfordringane som lærarane trekte fram var knytt til avsporing, klasseleiing, utfordrande elevåtferd og klasser, tid, utstyr og læraren sjølv med fokus på kompetanse, innsats og engasjementen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectnaturfagen_US
dc.subjectnyskjerrigheten_US
dc.subjectutforskendeen_US
dc.titleNysgjerrigheit og undring i utforskande arbeiden_US
dc.title.alternativeCuriosity and Wonder in Inquiry-based teaching/learningen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUNA550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal