Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHopland, Amanda Alsaker
dc.date.accessioned2023-09-19T12:43:44Z
dc.date.available2023-09-19T12:43:44Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3090483
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdannug 5. -10. trinn, naturfag. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractHensikta med denne masteroppgåva er å få innsikt i kva grunngjevingar naturfaglærarar har for å drive uteundervisning og kva utfordringar dei møter på når dei underviser utandørs. For å undersøkje dette er det tatt utgangspunkt i to konkrete forskingsspørsmål: «Kva utfordringar møter lærarane med uteundervisning?» og «Kva formål har lærarane med uteundervisning?». I det nye læreplanverket står det uttrykt at ein skal bruke varierte læringsarenaer, gi elevane naturopplevingar og la elevane utforske naturen gjennom varierte uteaktivitetar. Det blir hevda at interessenivået og korleis elevar utviklar interesse for realfag er avhengig av blant anna korleis faga formidlast og undervisast, og forsking viser at elevar vil ha meir av arbeidsmetodar der dei får samarbeide, kommunisere og vere aktive. Uteundervisning har vist seg å vere ei arbeidsform elevane er positive til, og dei har gjennom undersøkingar uttrykt at dei ønskjer meir av denne undervisningsforma i skulen. For å undersøkje forskingsspørsmåla er det gjennomført ein kvalitativ studie der eg har intervjua fire lærarar gjennom semistrukturerte intervju. Datamaterialet tar utgangspunkt i fire lydopptak frå intervjua og transkripsjonar av desse. Dei utvalde lærarane har alle litt erfaring med å drive uteundervisning, men nyttar det ikkje regelmessig gjennom året. Resultat frå analysen viser at lærarane har fleire formål med å ta med elevane ut i undervisninga og at dei møter mange av dei same utfordringane når dei har uteundervisning. Lærarane forklarar at dei brukar uteundervisning for at elevane skal utvikle seg både kognitivt og sosialt, og for at dei skal få vere fysisk aktive i undervisninga. Lærarane brukar også uteundervisning for å vekkje ulike kjensler i elevane, då spesielt knytt til seg sjølv og naturen. Uteundervisning blir også brukt for å skape variasjon og konkretisering i undervisninga, og som ein måte å oppfylle fleire prinsipp i læreplanverket. Funna viser at lærarane møter utfordringar i forhold til tid, økonomi, planlegging og at det å ta med elevane ut kan skape uro og bekymringar som må handterast. Det kan verke som at uteundervisning kan ha eit stort potensial for å skape trivsel, engasjement og læring hos elevane, men ut frå resultata kan ein tolke at lærarane likevel ikkje brukar det så ofte som dei skulle ønskje grunna utfordringane dei møter. Det kan derfor tenkjast at ein må leggje meir til rette for uteundervisning i læreplanen og utvikle betre hjelpemiddel for lærarane for at dei skal nytte seg meir av undervisningsmetoden. Sidan lærarane heller ikkje brukar uteundervisning regelmessig, og derfor har elevar som ikkje er veldig vande med undervisning utandørs, må lærarane også kanskje senke forventningane litt og bruke tid til å omstille både seg sjølv og elevane til å ha undervisning i ein annan settingen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectnaturfagen_US
dc.subjectuteundervisningen_US
dc.subjectlæringsarenaen_US
dc.titleUteundervisning i naturfag: Ein kvalitativ studie av fire lærarar sine utfordringar og formålen_US
dc.title.alternativeOutdoor teaching in science: A qualitative study of four teachers’ challenges and purposesen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUNA550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal