dc.contributor.author | Sælen, Vegard | |
dc.date.accessioned | 2023-09-19T11:29:12Z | |
dc.date.available | 2023-09-19T11:29:12Z | |
dc.date.issued | 2023 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/3090423 | |
dc.description | Master i grunnskolelærerutdanning 5.- 10. trinn, naturfag. Høgskulen på Vestlandet, campus Begen | en_US |
dc.description.abstract | Vi går ei ukjend framtidig i møte der evna til å ta del i diskusjonar og kommunisere på ein naturvitskapleg måte,blir stadig viktigare. Læreplanen for naturfag legg vekt på at dagens ungdom skal utvikle sine evner til å gjere medvitne val basert på naturvitskaplegkunnskap,gjennom deltaking i naturfaglege praksisar. Naturfagundervisninga skal spegle samfunnet sine behov,og er difor ein arena der elevar aktivt kan delta i eiga språkleg utvikling.
Hensikta med denne masteroppgåve er å få innsikt i korleis elevar brukar språk for og skape meining i dialog, knytt til ei oppgåve om å lage reglar for antibiotikabruk. For å undersøke dette har eg teke utgangspunkt i to forskingsspørsmål:
(1) "Korleis bevegar elevane seg mellom kvardagsleg og naturvitskapleg språkbruk i dialog med kvarandre?"
(2) "Korleis føregår meiningsskaping i elevdialogar?".
For å studere forskingsspørsmåla har eg gjennomført ein kvalitativcasestudie, der eg har brukt data samla inn gjennom ARGUMENT-prosjektet. Datamaterialet består hovudsakleg av lydopptak frå utvalde elevgruppedialogar frå ei klasse på 8. trinn, med tilhøyrande videoopptak av heilklassesituasjonar.
Resultata frå analysen viser at elevane brukar eit naturfagleg språk for å skape meining i dialogar. Elevane vekslar mellom kvardagsleg og meir naturvitskapleg språkbruk i situasjonar der meiningar blir forhandla, påstandar utfordra eller spørsmål blir stilte. Elevane bevegar seg mellom ulike måtar å uttrykkje seg på for og sondere etter betre måtar og gjere seg forstått på, eller for å forstå andre. Funna kan peike mot at elevane sine tidlegare erfaringar er viktig for meiningsskaping i naturfaglege dialogar, men at elevane kan henge seg opp i forhandlingar om meiningar til kvardagslege ord, framfor naturfaglegeomgrep. Og at elevane brukar naturfaglege måtar å uttrykkje seg på,for å gi meining ti lkvardagslege erfaringar. Resultata kan indikere at elevane ikkje alltid er bevisste på korleis dei brukar språk for å skape meining | en_US |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | Høgskulen på Vestlandet | en_US |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.subject | naturfag | en_US |
dc.subject | naturvitenskap | en_US |
dc.title | Ein kvalitativ casestu die om korlei s elevar bru kar språk for å skape meining i natur fag leg e dialog ar | en_US |
dc.title.alternative | A qual itative case s tudy on how students use langu age to make meaning i n scien tific dialogue s | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.description.localcode | MGUNA550 | en_US |