Bruk av escape room i vurdering av elevar knytt til utforsking og problemløysing i matematikk
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3090312Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Escape room for bruk i utdanning er eit relativt nytt fenomen som blant anna kan brukast i undervisning for å auke elevar sin kompetanse i utforsking og problemløysing. Utforsking og problemløysing har gjennom LK20 blitt meir prioritert i matematikkfaget, ved at det har blitt eit av kjerneelementa i faget. Dette vil auke behovet for vurdering av denne kompetansen. Forsking viser at det å vurdere kompetanse i utforsking og problemløysing er ein utfordrande prosess. I denne masteroppgåva ligg derfor denne problemstillinga til grunn:
Korleis opplever to matematikklærarar på ungdomstrinnet å vurdere kompetanse i utforsking og problemløysing, på grunnlag av elevar sin gjennomføring av eit matematikkbasert escape room?
For å svare på problemstillinga har eg nytta eit forskingsdesign inspirert av Design-based research (DBR). I studia er det blitt samla inn kvalitative data gjennom intervju og observasjonar gjort av to matematikklærarar. Desse lærarane har også vore informantane mine i prosjektet. Eg har hatt eit tett samarbeid med informantane gjennom heile prosjektet. Saman har me utvikla eit undervisningsopplegg beståande av eit matematikkbasert escape room. Me har utforma ei førebuande undervisningsøkt med det føremål å introdusere korleis ein gjennomfører eit escape room. Me har også utarbeidd ein vurderingsprosess for å vurdere elevar sin kompetanse i utforsking og problemløysing. Undervisningsopplegget og vurderingsprosessen har blitt gjennomført i klassen til dei to informantane. Klassen er ein ungdomsskuleklasse, 8-10 trinn, i ein aldersblanda skule.
Funna som blei gjort i prosjektet viser at informantane er positive til det undervisningsopplegget og den vurderingsprosessen som vart testa ut. Informantane opplevde at dei fekk ein god tilgang på elevane sine løysingsprosessar gjennom matematisk oppgåveløysing i eit escape roomet. Vidare meinte dei at elevane vart meir medvitne på å dele løysingsprosessen i ein slik setting, grunna ein forventning om å bli vurdert. Dei opplevde at det auka kva kompetanse elevane fekk vist, og at det auka læringsutbytte til elevane. Informantane opplevde også at escape roomet la til rette for at elevgruppa fekk jobbe utforskande og problemløysande, ved at dei var sett til å løyse oppgåver i ein ukjent kontekst. Oppgåvene vart presentert på ein annan måte enn dei er vande med, og oppgåvene måtte løysast med ein praktisk forståing av matematikken.
Beskrivelse
Master i matematikkdidaktikk (MGUMA550)
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking
2023