Show simple item record

dc.contributor.authorGrotle, Frida Ryland
dc.date.accessioned2023-09-19T07:18:45Z
dc.date.available2023-09-19T07:18:45Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3090260
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanning, begynneropplæring i norsk og matematikk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractDenne masteroppgåva undersøker korleis to nyare bildebøker skildrar barns leik og fantasi i møte med sjukdom og død. I tillegg drøftar oppgåva korleis bøkene kan knytast til det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring. Det valte materialet for studien er Vi er løver! (2021) skriven av Jens Matsson og illustrert av Jenny Lucander, omsett av Jan Chr. Næss, og Bror min (2021) skriven av Laura Djupvik og illustrert av Øyvind Torseter. Begge bøkene er valde med tanke på å kunne brukast i begynnaropplæringa i skulen. Problemstillinga for denne studien er: Korleis bruker bildebøkene Vi er løver! (2021) og Bror min (2021) leik og fantasi som innfallsvinkel til å skilde barns tankar, erfaringar og sorg i møte med sjukdom og død? Analysane bygger på litteraturteori og bildebokteori, men eg trekker også inn studiar om barns sorgreaksjonar i eit fleirfagleg perspektiv. I oppgåva har eg analysert bøkene kvar for seg, før eg samanliknar dei til slutt. I siste delen drøftar eg også korleis dei to bøkene kan knytast til temaet livsmeistring i begynnaropplæringa i skulen. Vi er løver! er ei forteljing om to brør, kor den eine blir alvorleg sjuk og til slutt døyr, medan Bror min skildrar korleis ei jente og far hennar sørger i tida etter tapet av ein bror og ein son. Analysane av verbaltekst og illustrasjonar i bøkene viser at barnekarakterane brukar leik og fantasi både som ein måte å vere på i verda, men også for å gi uttrykk for tankar og kjensler som er vanskelege å handtere. Ettersom bøkene handlar om korleis barn opplever sorg i møte med døden, rører dei ved eit tema som fell inn under livsmeistring. Det er viktig å understreke at denne oppgåva berre ser på to bildebøker, og det vil derfor ikkje vere mogleg å trekke generelle konklusjonar om kva plass leik og fantasi har i bildebøker som tematiserer sjukdom og død. For vidare forsking hadde det vore interessant å sjå på eit større utval bildebøker, samt bruke materialet i ein litterær samtaleen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectbegynneropplæringen_US
dc.subjectbildebøkeren_US
dc.subjectfolkehelseen_US
dc.subjectlivsmestringen_US
dc.titleLivsmeistring i begynnaropplæringa – Leik og fantasi i møte med døden. Ein analyse av bildebøkene Vi er løver! (2021) og Bror min (2021)en_US
dc.title.alternativeLife skills in early childhood education – Children's play and fantasy in encounters with death. An analysis of the picturebooks Vi er løver! (2021) and Bror min (2021)en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGBBNM550en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal