Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKveane, Trude
dc.contributor.authorHollevik, Helena Andersen
dc.date.accessioned2023-09-19T05:44:06Z
dc.date.available2023-09-19T05:44:06Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3090215
dc.descriptionMGUMA550- Masteroppgåve Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking 2023en_US
dc.description.abstractFøremålet med denne studien var å sjå på aktivitetar med fysisk aktiv læring til matematikkundervisning for elevar på mellomtrinnet. Senter for fysisk aktiv læring (SEFAL) ved Høgskulen på Vestlandet starta i august 2021 arbeidet med å utvikle ein ny digital aktivitetsbase som skal vere til hjelp og inspirasjon for lærarar, samt vere ein plattform for deling, læring og refleksjon. Aktivitetsbasen, som har fått namnet Faltastisk, skal stå ferdig i juni 2023. Me har gjennomført ein innhaldsanalyse av aktivitetane under matematikk på Faltastisk sin nettstad. Gjennom ein systematisk tekstkondensering såg me på korleis aktivitetane ivaretek matematikkfaget, korleis dei er forankra i den nye læreplanen, i kva del av undervisninga dei kan nyttast, om aktivitetane legg opp til elevmedverknad og kreativitet og kva arbeidsform dei legg opp til. Dei siste åra har det vore auka fokus på å nytte fysisk aktiv læring i undervisninga. Me har derfor valt å nytte nyare forsking i denne studien. Dette dannar eit interessant bilete av undervisningspraksis i skulen slik den er i dag. Tidlegare forsking nytta i studien viser at fysisk aktiv læring i undervisninga har positiv påverknad på elevane sitt læringsutbytte i matematikk. Studiane viser til at elevane vart meir oppmuntra, fekk betre konsentrasjon og likte timane med fysisk aktiv læring godt. Desse tidlegare studiane dannar eit grunnlag for vår forståing og kompetanse innan fysisk aktiv læring i matematikk, samt støttar opp under våre funn. Funn frå studien vår viser at Faltastisk har fokus på matematikken i aktivitetane på læringsressursen. Fysisk aktivitet er ikkje i hovudfokus og intensiteten til aktivitetane varierer frå lett til hard. Alle aktivitetane frå nettstaden er kopla opp mot kompetansemål i matematikk på 5., 6. og 7. trinn. I analysen er det lagt vekt på korleis aktivitetane er forankra i læreplanen LK20. Andre funn frå studien tyder på at aktivitetar som er nytta i fysisk aktiv læring har stort fokus på samarbeid og at elevane arbeider i grupper. Det vert derfor drøfta i kor stor grad konkurranse i denne typen undervisning vil påverke elevane sin læring.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectFysisk aktiv læringen_US
dc.subjectFaltastisken_US
dc.subjectMatematikken_US
dc.titleEin innhaldsanalyse av aktivitetsbasen Faltastisk i matematikken_US
dc.title.alternativeA content analysis of the activity base Faltastisk in mathematicsen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUMA550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal