Frigjering av eit potensial - Fire lærarar sine erfaringar med bruk av Escape Room som eit verktøy i matematikkundervisning
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3090214Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I følgje ei stortingsmelding er det viktig å finna løysingar på framtida sine samfunnsutfordringar. Det vil vera behov for kognitiv og sosial kompetanse innan problemløysing og kritisk tenking. Det vil derfor vera viktig å finna læringsverktøy i matematikk som kan bidra til at elevane får gode ferdigheiter i slik kompetanse. Escape Room (ER) kan vera eit læringsverktøy til dette. Vårt prosjekt bidreg til innsikt i fire grunnskulelærarar sine erfaringar kring bruk av ER som eit verktøy i matematikkundervisning. I denne masteroppgåva har det blitt fokusert på denne problemstillinga:
Kva erfaring har fire lærarar i grunnskulen med bruk av Escape Room (ER) som eit verktøy i matematikkundervisning?
Prosjektet byggjer på eit teorigrunnlag knytt til ER-konseptet og utdannings-ER. Samt teoretisk grunnlag som gjer seg gjeldande til ER i undervisning. For å undersøke lærarane sine erfaringar med bruk av ER har me nytta ein kvalitativ forskingstilnærming. Til dette er det er blitt gjennomført to semistrukturerte gruppeintervju med lærarar på to ulike grunnskular i regionen Sogn og Fjordane.
Resultat frå prosjektet viser at lærarane har gode erfaringar med bruk av ER i matematikkundervisning. Dei viser til at elevane viser stort engasjement og motivasjon når dei arbeidar i eit ER. Det fremjar utforsking, problemløysing og kritisk tenking i matematikk. I tillegg er det eit verktøy der elevane må snakka matematikk og arbeida i grupper. Ved bruk av ER i matematikkundervisning er det også einskilde hemmande rammefaktorar som kan påverka prioritering av læringsverktøyet i negativ retning. Dette har ført til at dei har prøvd å tilpassa det tradisjonelle ER til eit meir undervisningsvennleg konsept. Prosjektet kan bidra til at andre lærarar som ynskjer å engasjera elevane i undervisninga på ein interaktiv og underhaldande måte, kan henta inspirasjon frå lærarane sine erfaringar.
Beskrivelse
Grunnskulelærarutdanning 1.-7. og 5.-10. trinn
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking
2023