dc.contributor.author | Østvik, Øystein Riksheim | |
dc.date.accessioned | 2023-09-19T05:32:04Z | |
dc.date.available | 2023-09-19T05:32:04Z | |
dc.date.issued | 2023 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/3090212 | |
dc.description | Master i matematikkdidaktikk (MGUMA 550)
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking
2023 | en_US |
dc.description.abstract | Forsking seier at skular, lærarar og studentar har behov for at forskingsmiljøet held fram med å arbeide med undervisning i programmering i grunnskulematematikk. Eit sentralt mål for forskinga bør vere å hjelpe lærarar å fylle forventingane til elevane sin digitale kompetanse. Eit anna mål vil vere å undersøke moglegheiter og utfordringar knytt til det å lære matematikk gjennom utforsking ved hjelp av algoritmisk tenking. Hensikta med denne masteroppgåva vil vere å finne ut om analog programmering kan vere ein god inngang til bruk av programmering for læraren i matematikkundervisinga, samt leggje til rette for at eleven skal kunne fremje skaparglede, engasjement og utforskartrong.
Med dette som bakgrunn og interesse for temaet har eg formulert følgjande problemstilling:
I kva grad og korleis kan analog programmering vere ein attraktiv tilnærming for å nå måla om skaparglede, engasjement og utforskartrong i matematikkundervisninga?
For å svare på problemstillinga har eg nytta meg av eit forskingsdesign inspirert av forskingsmetodikken Design-based research (DBR). I oppgåva har det blitt samla inn kvalitative data gjennom observasjon av ei klasse på 6 trinn i den norske skulen, samt intervju frå læraren i denne klassa. Denne læraren har eg hatt eit tett samarbeid med gjennom heile perioden, og vi har saman utvikla eit undervisningsopplegg med utgangspunkt i problemstillinga der vi aktivt søkte å gjere opplegget attraktivt for lærar og samtidig nå målet om å fremje skaparglede, engasjement og utforskartrong.
Resultat frå studien viser at læraren har vore svært positiv til undervisningsopplegget med analog programmering. Studien har lagt til rette for ein lettare inngang til programmeringsundervisninga, og vist seg å vere attraktivt for lærar. Ut i frå resultata i denne studien ser det ut til at undervisningsopplegget med analog programmering fremja utforskartrong og engasjement hjå elevane, mens det er meir usikkert i kva for ein grad opplegget fremja deira skaparglede. | en_US |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | Høgskulen på Vestlandet | en_US |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.subject | programmering | en_US |
dc.subject | Matematikkundervisning | en_US |
dc.title | Utprøving av analog programmering for å hjelpe lærar med å fremje skaparglede, engasjement og utforskartrong hjå elevar | en_US |
dc.title.alternative | Testing unplugged programming to assist teacher to promote joy of creation, engagement and urge to explore among students | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.description.localcode | MGUMA550 | en_US |