Argumentasjon i lærebøker - ein lærebokanalyse i matematikk
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3090211Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne studien undersøker i kor stor grad oppgåver i seks lærebøker oppfordrar til argumentasjon og forklaring. Dette gav grunnlag for å stille denne problemstillinga: I kva grad oppfordrar oppgåvene i seks lærebøker for 10. trinn til argumentasjon og forklaring jamfør kjerneelementet «Resonnering og argumentasjon» frå LK20?
For å svare på problemstillinga blei det gjennomført ein kvantitativ tekstanalyse der oppgåvene blei analysert i to omgangar. For å gjennomføre denne analysen blei det gjort ein teorigjennomgang av forsking på argumentasjon, korleis læreplanane frå 2006 og 2020 er utforma, og kva lærebøker er i skulen. I tillegg blei det lese tidlegare forsking på same tema og metode. Slik blei rammeverket for analysen oppdaga. Charalambous et al. (2010) sitt rammeverk for analyse av tekstbøker/lærebøker blei hovuddesignet for analysen.
Studien tar føre seg oppgåver innanfor tre tema i seks lærebøker. Temaa er likningar, algebra og økonomi. Oppgåvene i desse tre temaa blei analysert i lærebøkene Grunntal 10, Tetra 10, Faktor 10, Matemagisk 10, Maximum 10 og Matematikk 10.
Nokre av funna i studien stemmer overens med det tidlegare forsking har funne. Blant anna har lærebøkene frå LK06 mange av dei same resultata som det lærebøkene i studien til Charalambous et al. (2010). Samla sett har LK20-bøkene større prosentdel oppgåver som oppfordrar til argumentasjon og forklaring, enn det LK06-bøkene har. Med bakgrunn i resultata frå studien kan ein konkludere med at LK20-bøkene i noko stor grad oppfordrar til argumentasjon og forklaring, medan LK06-bøkene oppfordrar i liten grad til argumentasjon og forklaring. Dette resultatet viser viktigheita av å vere kritisk til lærebøker og vere merksam på å inkludere argumentasjon i undervisninga om ikkje lærebøkene gjer det.
Beskrivelse
Grunnskulelærarutdanning 5. – 10. trinn
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking
2023