Korleis opplever lærarar innføringa av programmering i naturfaglæreplanen?
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3090068Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I hausten 2020 kom den nye læreplanen inn i skulen, og i denne kom programmering inn for første gang i den norske læreplanen. Vi har i denne masteroppgåva valt å sjå på lærarars erfaring med innføring av programmering i læreplanen. Vi valte dette fordi vi har lyst å finne ut kva potensiale og kva utfordringar lærarar opplever med programmering som læringsaktivitet, og korleis samarbeid med VilVite kan bidra til kompetanseutvikling i programmering. Problemstillinga vår blir då: «Korleis opplever lærarar innføringa av programmering i naturfaglæreplanen ? Og korleis bistår VilVite med programmeringsundervisninga til lærarane ?» Vi har tatt utgangspunkt i tre forskingsspørsmål for å belyse problemstillinga.
1. Korleis endrar lærarrolla seg når ein skal drive programmeringsundervisning
2. Kva moglegheiter og utfordringar erfarer lærarar med innføring av programmering i naturfag?
3. Korleis brukar lærarar VilVite som ressurs i programmeringsundervisning?
I masteroppgåva har vi brukt kvalitative intervju for å få klarheit i lærarars erfaringar og refleksjonar med innføringa av programmering i læreplanen. I tillegg til intervjua har vi observert lærarane på programmeringskurs hjå VilVite. Vi har intervjua og observert totalt fire lærarar med varierande erfaring og interesse for programmering, og vi fann ut gjennom oppgåva at det er stor variasjon på tryggleiken til lærarane i tema. Grunnen til at vi har valt intervju om datainnsamlingsmetode ilag med observasjon er at vi ynskjer å gå i djupna på temaet, og dermed høyre meiningane og refleksjonane til dei som faktisk utøver yrket.
Vi har funne intervjuobjekt gjennom VilVite sine programmeringskurs, der vi fekk tilgang til lærarar gjennom bestillingar til VilVite. Dette er lærarar som kjem til VilVite saman med klassen sin for å få ei innføring av korleis ein kan jobbe med grunnleggande programmering i klasserommet. Ved å gjennomføre observasjonane fekk vi få eit grunnlag for intervjuet som vart gjennomført i etterkant. Vi har hovud fokus på Naturfag, men ser også på programmering i naturfag opp mot andre fag. Vi var interessert i å sjå på kva forutsetningar lærarane har for å lykkast med undervising i programmering, og korleis skulane legg til rette for dette. Hovudfunna våre er at lærarane er positive til den nye læreplanen og at lk20 bringer med seg mange moglegheiter inn i skulen. Samtlege av lærarane ser dei positive moglegheitane programmering bringer med seg i den nye læreplanen, og korleis dette er med på å motivere elevane, samt skape meistring. Det kjem fram i oppgåva at sjølv om dei ser moglegheitene er det ikkje like lett for alle å bruke programmering i sitt klasserom, og at det er fleire utfordringar til gjennomføringa av slik undervising. Dei viser også til at med programmering og den nye læreplanen har det verte ei rolle endring i yrket, og lærarane må endre sitt syn på lærarrolla.
Vidare vert det trekt fram at det å kombinere fag med programmering, då spesielt naturfag er utfordrande. Vi ser at ikkje alle lærarane veit kva programmering i naturfag er, og korleis ein kan knyte temaet inn i faget. Eit funn er at det er varierande i kva grad lærarane opplev støtte frå skulen med tanke på innføringa. For fleire verkar det som at læreplanen ikkje har vore nøye nok gjennomtenkt då med tanke på korleis den har vorte innført. Til slutt ser vi på korleis kurs på VilVite påverka lærarane og deira kompetanse i programmering. Dei var positive til ressursen VilVite er for skulen, men at utbytte til lærarane varierte ifrå ingenting til veldig mykje for enkelte. Dette har vi tatt for oss i diskusjonen og vi har sett at grunnlaget for å bruke kursa er relativt ulikt hjå lærarane vi har intervjua
Beskrivelse
Master i grunnskolelærerutdanning 1.- 7. trinn, naturfag. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen