Forskjell som føresetnad for utvikling: Ein refleksjon over praksis/teori-dualismen i ljos av filosofien til Luce Irigaray
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
Abstract
I denne artikkelen jamfører eg Ryles forståing av knowing how og knowing that med Irigarays forståing av kjønnsforskjellen. Eg finn dei same strukturane i og mellom dualismepara; det er ikkje mogeleg, verken i teori/praksis- eller i mann/kvinne-dualismen, å dedusere seg fram til den eine delen berre gjennom kunnskap om den andre. Likevel er delane i dualismeparet gjensidig avhengige av kvarandre, blant anna for i medvit om den forskjellige andre å kultivere det som er særeige med seg sjølv. I denne kultiveringa kan skulen spele ei avgjerande rolle; ei einsidig utvikling av den eine delen fører til framandgjering og paralyserande konformisme for begge, medan ein representasjon av og formidling mellom partane støttar gjensidig utvikling og intersubjektivitet. I ungdomsskulepraksisen på Praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPUY) møtes allmennfaglege og yrkesfaglege kunnskapskulturar i to veker. Ser vi i dette møtet starten på ei gjensidig kultivering saman med den forskjellige andre? Forskjell som føresetnad for utvikling: Ein refleksjon over praksis/teori-dualismen i ljos av filosofien til Luce Irigaray Difference as a condition for development A reflection on the practice/theory dualism in light of the philosophy of Luce Irigaray