Personar med overvekt sine erfaringar i møte med fastlegen – ein kvalitativ studie
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3062887Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Import fra CRIStin [3627]
- Institutt for helse- og omsorgsvitskap [2846]
Originalversjon
Sandvoll, A. M., Eldal, K., & Juvik, L. A. (2023). The experiences of people with overweight in GP consultations – a qualitative study. Tidsskrift for Den norske legeforening. 10.4045/tidsskr.22.0528Sammendrag
BAKGRUNN
Overvekt og fedme aukar i den norske befolkninga. Fastlegar kan spele ei viktig rolle for å førebygge vektauke og auka helserisiko hjå personar med overvekt. Føremålet med studien var å få meir innsikt og djupare forståing av erfaringane personar med overvekt har i møte med fastlegen.
MATERIALE OG METODE
Åtte individuelle intervju med personar med overvekt i alderen 20–48 år vart analysert med systematisk tekstkondensering.
RESULTAT
Eit sentralt funn var at informantane opplevde at fastlegen ikkje tok opp overvekt som tema. Informantane ynskte at fastlegen skulle ta initiativ til samtale om vekt, og såg fastlegen som ein viktig aktør i samband med utfordringar med overvekt. Fastlegen kunne fungere som ein «vekkjar» for å gjere ein merksam på helserisiko og uheldige livsval. Vidare vart fastlegen trekt fram som ein viktig støttespelar i ein endringsprosess.
FORTOLKING
Informantane ynskte at fastlegen skulle ta ei meir aktiv rolle og snakke om helseutfordringar ved overvekt.