Å padle i sirup og kjempe mot vindmøller: Fire lærarutdannarar om nynorsk i lærarutdanningane
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3057336Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Artikkelen tek føre seg nynorskopplæring og -vurdering for lærarstudentar utan norsk som fag. Når norsk ikkje lenger er obligatorisk for studentane på grunnskulelærarutdanning 5–10, er det uklart korleis utdanningane sikrar at også desse studentane får den forskriftsfesta profesjonskompetansen i begge skriftspråk. Resultatet kan vere ei gruppe kvalifiserte lærarar med fagkompetanse til å undervise på skular med både bokmål og nynorsk som opplæringsmål, men utan sikra profesjonsfagleg nynorskkompetanse. Korleis lærarutdanningane sikrar nynorskkompetansen til denne studentgruppa, er granska gjennom intervju med fire fagpersonar ved fire ulike lærarutdanningsinstitusjonar. Studien avdekkjer at det er generelt lågt fokus på nynorsk i andre fag enn norsk, og at det er utfordrande å sikre at studentane har tilstrekkeleg nynorskkompetanse. Tre overordna utfordringar peiker seg ut: Det er uklart kven som skal ha ansvaret for nynorskkompetansen til denne studentgruppa. Når eit institusjonsansvar vert personavhengig, vert det også sårbart. Også vitskapleg tilsette kan ha negative haldningar til nynorsk.