Rapport om pilotprosjektet - Bacheloroppgåve i sjukepleie som empirisk prosjekt
Report
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3033226Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
- HVL-Rapport [73]
- Import fra CRIStin [3817]
Sammendrag
Denne rapporten beskriv bakgrunn, føremål, utvikling, gjennomføring og evaluering av eit pilotprosjekt som har lagt til rette for å gjennomføre bacheloroppgåve i sjukepleie som eit empirisk prosjekt. Det vart utarbeidd to forskingsprosjekt som studentane i pilotprosjektet deltok i. Studentevalueringa synte at studentane hadde godt læringsutbytte av å delta i eit forskingsprosjekt. Dei fekk ei særeiga forståing for og innsikt i heile forskingsprosessen. Dei positive erfaringane deira med denne deltakinga, og støtte i forskings- og faglitteratur i forhold til at «å lære ved å gjere», gav grunnlag til å arbeide vidare med å implementere bacheloroppgåve i sjukepleie som empirisk studie i studieplanen. Studentevalueringane gav også grunn for å gjere endringar i undervisninga i forskingsmetode. Denne omtalte studentane som «stykkevis og delt». Rettleiarerfaringane er samanfallande med studentane sine erfaringar. Rettleiarane sakna i tillegg meir relevant skrivetrening, og høgre akademisk kunnskap før oppstart med bacheloroppgåva. I emnet SYK110 Danning og akademisk handverk, og ny retningslinje for bacheloroppgåve i sjukepleie, ser ein at forslag utleia frå dette pilotprosjektet er implementerte. Rapport om pilotprosjektet - Bacheloroppgåve i sjukepleie som empirisk prosjekt
Utgiver
Høgskulen på VestlandetSerie
HVL-Rapport2022/8