Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorØren, Emma
dc.date.accessioned2022-11-14T07:56:07Z
dc.date.available2022-11-14T07:56:07Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3031561
dc.descriptionFakultet for lærarutdanning, kultur og idretten_US
dc.description.abstractHensikta med denne masteroppgåva er å undersøkje lærarar sine spørsmål og oppfølging av elevresponsar i naturfagundervisning. For å undersøkje dette vil eg sjå på desse tre forskingsspørsmåla; Kva kjenneteiknar spørsmålsstillinga i heilklasse til tre ulike naturfaglærarar? Kva skil spørsmålsstillinga til dei ulike naturfaglærarane? Korleis følgjer lærarane opp elevsvara? Datamaterialet som er analysert tar utgangspunkt i videodata frå undervisninga til tre lærarar som deltok i ARGUMENT-prosjektet. For å gjennomføre ein teoretisk analyse av lærarane sine spørsmål, har eg utvikla eit analytisk rammeverk for lærarane sine oppstartsspørsmål og oppfølging av elevsvar. Dette rammeverket er basert på tidlegare rammeverk frå Blosser (1991), Chin (2007) og Tytler og Aranda (2015). Resultata viser at lærarane stiller flest spørsmål i respons til elevsvar. Funna tyder også på at det i større grad er læraren si oppfølging av elevsvar som påverkar dialogen i heilklasse, og i mindre grad oppstartsspørsmåla. Dette er spegla i funn som viser at eit ope spørsmål fører til ein lukka dialog på grunn av oppfølginga til læraren, og på same kan eit lukka spørsmål føre til ein open dialog. Tidlegare forsking har vist at lærarar stiller flest lukka spørsmål, men ved å bruke eit meir detaljert rammeverk viser funna i denne oppgåva at det er fleire opne enn lukka oppstartsspørsmål. I tillegg har heilklassedialogar tidlegare i stor grad vist seg å følgje IRE-strukturen (initiere-respondere-evaluere), men på grunn av lærarane sin hyppige bruk av oppfølgingsspørsmål viser fleire dialogar eit mønster av IRFRF. Dei tre lærarane kjem ofte med follow-up i form av oppfølgingsspørsmål eller ved å utfordre elevane sine svar. Basert på resultata og tidlegare forsking, viser det seg at det ikkje fins ein fasit på kva som er eit godt spørsmål. Kva spørsmål som fungerer best er kontekstavhengig, og lærarane må bruke sine kunnskapar og pedagogiske skjønn for å stille best mulege spørsmål. Denne studien er avgrensa til utdrag frå tre lærarar si undervisning, og resultata kan ikkje generalisere spørsmålsstillinga til lærarane. Likevel vil denne masteroppgåva vere med på å belyse viktigheita av naturfaglærarane sine spørsmål i undervisninga, og kva for implikasjonar dette kan ha både for elevar si deltaking i undervisninga og kva spørsmålsstilling kan ha å seie for elevane si rolle som medborgarar i dagens samfunn og for framtida.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleLærarspørsmål og oppfølging av elevresponsar i naturfagklasserommet - ein casestudie av tre naturfaglærarar sine spørsmål i heilklasseen_US
dc.title.alternativeQuestions asked by teachers, and the follow-up of student responses in science classrooms - a case study of three teachers’ questions in whole classen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUNA550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal