Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBell, Marte
dc.date.accessioned2022-11-14T07:52:47Z
dc.date.available2022-11-14T07:52:47Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3031558
dc.descriptionFakultet for lærarutdanning, kultur og idretten_US
dc.description.abstractI eit samfunn der evna til å samhandle med andre stadig blir viktigare, er det å ha kunnskap og innsikt i korleis ein som lærar kan legge til rette for dette i undervisning viktig. Det kjem også fram av den nye læreplanen i naturfag at elevane skal kunne ta i bruk naturfagleg språk og metode. Gjennom å nytte gruppediskusjonar i naturfagundervisninga, kan ein som lærar legge til for at elevane får snakke, argumentere og forklare naturfag saman med andre. Hensikta med denne masteroppgåva er å få innsikt i korleis to utvalde lærarar på ungdomstrinnet legg til rette for gruppediskusjonar i naturfag, samt kva som kjenneteiknar elevdialogane i eit utval gruppediskusjonar. For å undersøke dette er det tatt utgangspunkt i to konkrete forskingsspørsmål: «kva tilretteleggingar gjer lærarane i forkant av gruppediskusjonane?» og «kva kjenneteiknar elevane sine dialogar i gruppediskusjonane?». For å undersøke forskingsspørsmåla er det gjennomført ein kvalitativ komparativ casestudie med data frå ARGUMENT-prosjektet. Datamaterialet tar utgangspunkt i videodata frå to naturfaglærarar i tre klassar, samt lydopptak frå eit utval av gruppediskusjonane til elevane. Dei utvalde lærarane sine tilretteleggingar er nokså ulike, og ein komparativ tilnærming i analysen vart hensiktsmessig for å kunne samanlikne lærarane, og i større grad kunne forklare kvifor ulike tilretteleggingar og diskusjonar har oppstått. Resultat frå analysen viser at lærarane stiller forskjellige spørsmål, og i ulik grad uttrykker forventningar til gruppediskusjonen. Det oppstår likevel diskusjonar i begge lærarane sine elevgrupper. Skilnadane i tilretteleggingane understrekar at det finst forskjellige måtar å tilrettelegge på, samt at andre faktorar kan påverke val av tilrettelegging, som til dømes læraren sin kjennskap og relasjon til klassen. Funna viser at det å gi elevar tenketid, å klargjere innhaldet i forkant, samt stille opne spørsmål kan bidra til at fleire deltar i diskusjonen. Det vart analysert flest støttande elevdialogar hos begge lærarane sine elevgrupper, og funna viser at mangel på tid gjerne kan vere ein stoppar for elevane sine utforskande dialogar. Basert på hensikta med gruppediskusjonane kan det likevel tenkast at støttande dialogar kan vere vel så hensiktsmessige ut i frå formålet, og for å seinare kunne ha fleire utforskande diskusjonar. Resultatet frå oppgåva har understreka betydinga av ground rules, og at ein som lærar kan bidra i å setje ei forventning til korleis ein vil gruppediskusjonar skal gjennomførast, samt korleis ein vil elevar skal snakke med kvarandre.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleEin kvalitativ komparativ casestudie av to lærarar sin tilrettelegging for gruppediskusjonar i naturfagen_US
dc.title.alternativeA qualitative comparative case study of two teachers’ facilitation of group discussions in school scienceen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUNA550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal