Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMæland, Magnus Drægni
dc.date.accessioned2022-10-18T21:12:55Z
dc.date.available2022-10-18T21:12:55Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3026853
dc.descriptionFakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) Institutt for idrett, kosthald og naturfag Grunnskulelærarutdanninga 5.–10.-trinn Innleveringsdato: 16.05.2022en_US
dc.description.abstractBakgrunn: Kunnskapsløftet 2020 (LK20) er nyleg implementert i skulen, og har så vidt vorte nytta av lærarar i praksis endå. Dette skapar ei interesse for å undersøkja kva LK20 har endra på med tanke på førre læreplan, og korleis elevane mottek den. Det er diverre lite forsking på LK20 i praksis grunna den korte tida den har vore i bruk, noko denne studien ynskja å gjera noko med. I denne studien ynskja ein å sjå på «Fagrelevans og sentrale verdiar» (FSV) i kroppsøvingsfaget, og i kva grad elevane kjenner den att i praksis. Sjølv om det er lite forsking som tek føre seg LK20 og FSV, er det forsking som skildrar tilstanden i faget. Det verka som om gutar både passar, trivst og gjer det betre i faget enn jenter, at faget er tilrettelagt dei idrettsaktive elevane, og at faget verkar som eit «pausefag» utan fagleg tyngde. Dette er ikkje i tråd med Utdanningsdirektoratet si skildring av FSV i kroppsøvingsfaget, og vert dermed sett nærmare på. Føremål: I høve med den nye læreplanen, LK20, vart det truleg endringar i korleis faga vert utøva. I kroppsøvingsfaget er ein av dei nye delane FSV, som er vidareutvikla frå sist læreplan. Denne studien har som føremål å undersøkja i kva grad 10.-klassingar synast at FSV er synleg i utøvinga av faget, og dermed i kva grad dei vert undervist i tråd med verdiar i læreplanen. Metode: Det vart nytta kvantitativ metode gjennom ei digital surveyundersøking. Elevane vart rekruttert gjennom personleg kjennskap til lærarar, gjennom Facebook-grupper for lærarar og gjennom e-mail med rektorar. Totalt vart 50 skular kontakta, hovudsakleg på Vestlandet, kring Sogndal-, Bergen- og Kvam kommune. Datainnsamlinga vart gjennomført frå 10.januar– 21.februar 2022. Analysen vart utført med eit utval av jenter og gutar i 10.-klasse (N=326), og består av deskriptiv statistikk, t-testar og ANOVA-test. Resultat: 10.-klassingane i studien er til saman 95,1 % «litt einige» (35,9 %), eller «veldig einige» (59,2 %) og 4,9 % «ueinig», i at dei læra om «Fagrelevans og sentrale verdiar» i kroppsøvingsfaget. Gjennomsnittleg poengsum for FSV for heile utvalet er 195,3 av 288, og ligg i «veldig einig»-kategorien. Gutane scora gjennomsnittleg høgare enn jentene, med høvesvis 209 og 183 poeng. Skilnaden på FSV-poengsum viste seg å vera signifikant. Gutane hadde både signifikant høgare poengsum i FSV (p < .001) og kvar variabel som oppgjorde FSV (p < .001), med ein medium effektstorleik. Elevane sin rapportering av fysisk aktivitet på fritida visar at fleirtalet (60 %) av elevane, er aktive «4–7 gongar i veka», 29 % er aktive «1–3 gongar i veka», 4 medan 11 % er aktive «aldri eller sjeldan». Det var signifikant skilnad med tanke på grad av fysisk aktivitet på fritida og kjønn, då gutane verka å vera oftare aktive (p < .001), med ein liten/medium effektstorleik. Det vart funne statistisk signifikant samanheng mellom fysisk aktivitet og poengsummar i FSV (p < .001) og FSV sine oppbyggjande variablar (p < .001), med ein medium effektstorleik. Dei som var aktive «4–7 gongar i veka» fekk høgare poengsummar enn dei som var aktive «aldri eller sjeldan» og «1–3 gongar i veka». Konklusjon: Studien indikera at elevane gjennomsnittleg sett er «veldig einige» i å læra om FSV i kroppsøvingsfaget, men at det er skilnadar innan i utvalet med tanke på einigheit. Gutar er meir einige enn jenter, og dei som er mest fysisk aktive på fritida er meir eining enn dei som er mindre aktive, i tillegg er jenter mindre aktive enn gutar. Sjølv om denne studien finn korrelasjonar mellom FSV og kjønn, og fysisk aktivitet på fritida, er omfanget av utvalet for lite til å seia noko om kausalitet. Då LK20 er nyleg tatt i bruk, trengs det vidare forsking på temaet som kan undersøkja FSV når LK20 i større grad er implementert i skulen.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectKroppsøvingen_US
dc.subjectlæreplanen_US
dc.subjectLK20en_US
dc.subjectfagrelevansen_US
dc.subjectfysisk aktiviteten_US
dc.title«Fagrelevans og sentrale verdiar» i kroppsøvingsfaget i LK20 – ei spørjeundersøking av 10.-klasseelevaren_US
dc.title.alternative“Relevance and core values” in the physical education subject of LK20 – a survey of 10.-grade pupilsen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber102en_US
dc.description.localcodeMGBKØ550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal