Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFigved, Therese
dc.date.accessioned2022-10-17T20:39:45Z
dc.date.available2022-10-17T20:39:45Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3026491
dc.descriptionGrunnskulelærarutdanning 5.-10.trinn Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) Innleveringsdato: 16. mai 2022en_US
dc.description.abstractI diskusjonar angåande innhald i kroppsøvingsfaget, har ballspel vore eit sentralt tema. Det har ofte vorte undervist ut frå ein dominerande idrettsdiskurs, kvar mykje av tida har vorte nytta til å øva på isolert teknikktrening. Teaching Games for Understanding (TGFU) er ei taktisk tilnærming til ballspel, som vart testa ut i kroppsøvingsundervisinga på ein ungdomsskule. Det har tidlegare vorte gjort lite forsking på denne modellen, og spesielt i Noreg. I den samanheng var det ynskjeleg å prøva ut korleis lærarar opplevde bruken av denne modellen, og korleis dei oppfatta elevane i undervisinga kvar TGFU vart teke i bruk. Masteroppgåva sitt teoretiske grunnlag framhevar modellbasert praksis, og korleis den tekniske tilnærminga vert undervist i i kroppsøvingsfaget. Vidare vert det trekt fram kva innhald og prinsipp som er tilstades i TGFU- modellen. Å nytta ei taktisk, heller enn ei teknisk tilnærming til ballspel, handlar om kva didaktiske val ein gjer. Den didaktiske trekanten vert difor trekt inn. Dette dannar eit godt grunnlag for å relatera lærarane sine opplevingar av modellen opp mot modellen sine prinsipp, og kva didaktiske val som ligg til grunn i undervisingssituasjonen. Kvalitativ metode vart valt ut i frå problemstillinga. Dataa til masterprosjektet vart samla inn gjennom observasjonar av ti kroppsøvingsøkter, fordelt på 9. og 10. trinn, kvar elevane var markørar. Vidare vart delmetodane refleksjonssamtalar og fokusgruppeintervju nytta. Utvalet som tok del i studien bestod av tre kroppsøvingslærarar på ungdomstrinnet. Refleksjonssamtalane vart gjennomført rett i etterkant av kvar undervisingsøkt. Fokusgruppeintervjuet med dei tre informantane var på slutten av datainnsamlingsperioden, då alle øktene var gjennomført. Funn frå studien viser at lærarane opplev TGFU som ein undervisingsmodell som gjev elevane moglegheiter til å ta meir ansvar for eiga læring. Lærarane opplevde at ein større del av elevgruppa tok del i undervisinga, både i form av fysisk aktiv deltaking og refleksjonar i samtalegruppene i plenum. Elevane fekk, gjennom denne undervisingsforma, lært seg både dei tekniske og taktiske momenta med ballspelet i spelrelaterte øvingar. iii Lærarane opplevde organiseringsforma som utfordrande i byrjinga, då dei ikkje kjende til prinsippa for modellen. Det førte til endring i eiga rolle i undervisinga. Det dei tidlegare var vane med var å ha ei deduktiv rolle, mens no opplevde dei å i større grad vera rådgjevar og rettleiar. Etter å ha vorte nokre erfaringar rikare, ser dei på fleire av momenta i TGFU som føremålstenlege for ballspelundervisinga. Dei meiner likevel at modellen består av for mange moment, og at det vert for tidkrevjande og stressande å nytta alle delane.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectTGFUen_US
dc.subjectTeaching Games for Understandingen_US
dc.subjectkroppsøvingen_US
dc.subjectundervisningsplanleggingen_US
dc.titleTeaching Games for Understanding i ballspelaktivitetar i kroppsøvingen_US
dc.title.alternativeTeaching Games for Understanding in ball activities in physical educationen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber91en_US
dc.description.localcodeMGUKØ550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal