Studentinvolvering i forsking: Sjukepleiarstudentar sine erfaringar med å delta i gjennomføringa av eit forskingsprosjekt
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
- Import fra CRIStin [3586]
- Institutt for helse- og omsorgsvitskap [2723]
Original version
Øygard, S. H., Heggdal, H. M., Andersen, I. A., & Ytrehus, S. (2022). Studentinvolvering i forsking. Uniped, 45(1), 16-26. 10.18261/uniped.45.1.3Abstract
Sjukepleiarar sine kunnskapar om forsking er framheva som viktig for å sikre god kvalitet på helsetenester. For å bidra til auka forståing og interesse for forsking er det eit uttalt utdanningspolitisk mål at sjukepleiarstudentar skal få høve til å delta som aktive aktørar i forsking i løpet av bachelorutdanninga.
Seks sjukepleiarstudentar har deltatt i eit pilotprosjekt, og studien baserer seg på kvalitative intervju med desse. Pilotprosjektet innebar å endre rammene for bacheloroppgåva for å gjere det mogleg å gjennomføre oppgåva som eit forskingsprosjekt. Studentane deltok i forskingsprosjekt drive av dei tilsette og skreiv bacheloroppgåva si i tilknyting til prosjekta. Studentane er intervjua om erfaringane sine med deltaking i pilotprosjektet.
Resultata syner at studentane hadde lite kunnskap om forsking frå tidlegare i utdanninga, og at dei syntest den generelle forskingsopplæringa ikkje førebudde dei godt nok til å deltaka i eit forskingsprosjekt. Studien viser at studentane opplevde det å kunne delta i alle fasane av forskingsprosessen som positivt. Forskingsprosjekta sin relevans for pasientar og pårørande gav ein sterk motivasjon for å delta.
Resultata tyder på at det er behov for vidare utvikling av forskingsopplæringa i bachelorutdanninga i sjukepleie.