Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSkard, Johanne Tytingvåg
dc.date.accessioned2022-09-23T06:07:34Z
dc.date.available2022-09-23T06:07:34Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3020784
dc.descriptionMaster i undervisningsvitenskap med fordjuping i norsk, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)en_US
dc.description.abstractDen digitale utviklinga i samfunnet har gjort at skriveopplæringa har blitt eit tema å diskutere i forhold til kva skriveverktøy ein skal bruke i skulen. I læreplanen står det at ein skal kunne skrive både for hand og på tastatur og forsking om dette viser både fordelar og ulemper med dei ulike skriveverktøya. Fordelane som blir knytt til handskrift er ofte hukommelse, og fordelane med å skrive på tastatur blir ofte relatert til motivasjon og tilrettelegging for elevar med lese- og skrivevanskar. I dette forskingsprosjektet blir det sett nærare på eit utval av norsklærarar om deira haldningar og erfaringar til skriveverktøya og bruken av desse i undervising og skulen generelt. Forskingsprosjektet tar difor utgangspunkt i eit lærarperspektiv og ikkje eit elevperspektiv, som viser seg å vera utbredt i forskingsfeltet. Fokuset i oppgåva handlar om korleis tre norsklærarar som arbeider på ulike trinn på mellomtrinnet i grunnskulen, oppfattar bruken av handskrift og digital skriving med sin eigen praksis og sine eigne erfaringar i bakgrunn. Datamaterialet baserar seg på eit intervju, supplert med årsplanane til dei tre deltakande informantane. Spørsmåla frå intervjua har bidrege til innsikt i kva haldningar og tankar dei aktuelle norsklærarane har om dei to skrivevertøya og om korleis desse utspelar seg i praksis. Svara frå informantane blir samanlikna med kvarandre, og drøfta saman med tidlegare forsking og relevant teori om skriving og skriveverktøy. Resultata viser at både handskrift og digital skriving blir brukt i skulen, trass den digitale utviklinga. I samanheng med tidlegare forsking viser informantane kunnskap om det som har kome fram og er bevisst over delar frå forskingsfeltet. Dei viser og innsikt og forståing for dei ulike skriveverktøya og i kva grad dei bidrar til læring. Korleis lærarane legg til rette for både bruk av handskrift og skriving på tastatur i skulen viser seg å vera ein bevisst prosess og at det er behova til elevane som står sentralt for valet av skriveverktøy. Alle informantane uttrykkjer ei bekymring for at handskrifta blir mindre prioritert og at digital undervising er i ferd med å ta overhand. Samstundes viser det seg at dei er klar over dette og kan med dette i tankane vera bevisst over sin eigen praksis og fordeling av handskrift og skriving på tastatur i skulen.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleHandskrift og digital skriving i eit lærarperspektiven_US
dc.title.alternativeHandwriting and digital writing in a teacher perspectiveen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUNO550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal