Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorViken, Linda Merethe
dc.date.accessioned2015-09-25T08:23:34Z
dc.date.available2015-09-25T08:23:34Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/301941
dc.descriptionMS1-307 Masteroppgåve i samhandling innan helse- og sosialtenesternb_NO
dc.description.abstractOver 30 000 nordmenn fekk kreft i 2013, og på verdsbasis er 2-4 % av årlege krefttilfeller unge, vaksne (18-35 år). Ung, vaksne kreftoverlevarar har vist seg å ha auka risiko for ulike seineffektar som vil kunne påverke overlevelse, helse, livskvalitet og deltaking på lang sikt. Rehabilitering har ikkje vore ein integrert del av kreftbehandlinga i Noreg. På bakgrunn av dokumenterte behov hjå unge vaksne kreftoverlevarar vart det gjennomført eit rehabiliteringsprogram, «KaNo» ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS. Aktuelle studie er ein delstudie av «KaNo»- prosjektet og hadde som hensikt å utforske dei erfaringane unge vaksne kreftoverlevarar gjorde seg, knytta til opplæring og bruk av kognitiv terapi i rehabilitering etter endt kreftbehandling. Problemstilling: «Kva erfaringar har unge, vaksne kreftoverlevarar gjort seg ved bruk av kognitiv terapi i eit rehabiliteringsprogram?» Gjennom ei kvalitativ tilnærming, ved analyse av djupneintervju av 17 deltakarar, viste resultata at deltakarane hadde erfart kognitiv terapi som nyttig i rehabiliteringsprosessen. Resultata viser 2 hovudtema relatert til problemstillinga, nemleg «kogntiv terapi som reiskap» og «nytteverdi ved bruk av kognitiv terapi». Under kvart hovudtema kom det fram tre underbyggjande tema. «Kognitiv terapi som reiskap» vart utdjupa med punkta «opplæring», «oppfølgjing» og «internalisering». «Nytteverdi ved bruk av kognitiv terapi» vart presisert via «endra tankemønster», «innsikt og akspekt» og «handtere ny livssituasjon». Konklusjonen viser at fleirtalet av deltakarane gav til kjenne at dei opplevde at å lære og å bruke KT gav eit reiskap og nye moglegheiter for handtering av sin nye, endra livssituasjon. For å nytte KT som reiskap, uttrykte deltakarane at opplæring og øving med praktiske dømer var viktig. Desse erfaringane kom til uttrykk ved at bevisstgjering og forståing av samanhengen mellom tankar, følelsar, adferd og kroppslege reaksjonar, gjorde det mogleg for deltakarane å sjå alternative og meir hensiktsmessige løysingar på aktuelle utfordringar. Ved å tilby unge vaksne kreftoverlevarar opplæring i bruk av kognitiv terapi i rehabiliteringsprosessen, kjem ein i møte veldokumenterte psykososiale behov etter kreftsjukdom- og behandling.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectUnge vaksnenb_NO
dc.subjectkreftoverlevararnb_NO
dc.subjectkognitiv terapinb_NO
dc.subjectkreftrehabiliteringnb_NO
dc.title"Då fekk eg tenkt litt annleis…"nb_NO
dc.title.alternative«Then I began to think a little differently…»nb_NO
dc.title.alternativeEin kvalitativ studie av kva erfaringar unge, vaksne kreftoverlevarar har gjort seg ved bruk av kognitiv terapi i eit rehabiliteringsprogramnb_NO
dc.title.alternativeA qualitative studie of young adult cancer survivors experiences of using cognitive behavioral therapy in a rehabilitationprogramnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber48nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel