"Då fekk eg tenkt litt annleis…"
Abstract
Over 30 000 nordmenn fekk kreft i 2013, og på verdsbasis er 2-4 % av årlege krefttilfeller unge, vaksne (18-35 år). Ung, vaksne kreftoverlevarar har vist seg å ha auka risiko for ulike seineffektar som vil kunne påverke overlevelse, helse, livskvalitet og deltaking på lang sikt. Rehabilitering har ikkje vore ein integrert del av kreftbehandlinga i Noreg. På bakgrunn av dokumenterte behov hjå unge vaksne kreftoverlevarar vart det gjennomført eit rehabiliteringsprogram, «KaNo» ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS. Aktuelle studie er ein delstudie av «KaNo»- prosjektet og hadde som hensikt å utforske dei erfaringane unge vaksne kreftoverlevarar gjorde seg, knytta til opplæring og bruk av kognitiv terapi i rehabilitering etter endt kreftbehandling.
Problemstilling: «Kva erfaringar har unge, vaksne kreftoverlevarar gjort seg ved bruk av kognitiv terapi i eit rehabiliteringsprogram?»
Gjennom ei kvalitativ tilnærming, ved analyse av djupneintervju av 17 deltakarar, viste resultata at deltakarane hadde erfart kognitiv terapi som nyttig i rehabiliteringsprosessen. Resultata viser 2 hovudtema relatert til problemstillinga, nemleg «kogntiv terapi som reiskap» og «nytteverdi ved bruk av kognitiv terapi». Under kvart hovudtema kom det fram tre underbyggjande tema. «Kognitiv terapi som reiskap» vart utdjupa med punkta «opplæring», «oppfølgjing» og «internalisering». «Nytteverdi ved bruk av kognitiv terapi» vart presisert via «endra tankemønster», «innsikt og akspekt» og «handtere ny livssituasjon».
Konklusjonen viser at fleirtalet av deltakarane gav til kjenne at dei opplevde at å lære og å bruke KT gav eit reiskap og nye moglegheiter for handtering av sin nye, endra livssituasjon. For å nytte KT som reiskap, uttrykte deltakarane at opplæring og øving med praktiske dømer var viktig. Desse erfaringane kom til uttrykk ved at bevisstgjering og forståing av samanhengen mellom tankar, følelsar, adferd og kroppslege reaksjonar, gjorde det mogleg for deltakarane å sjå alternative og meir hensiktsmessige løysingar på aktuelle utfordringar. Ved å tilby unge vaksne kreftoverlevarar opplæring i bruk av kognitiv terapi i rehabiliteringsprosessen, kjem ein i møte veldokumenterte psykososiale behov etter kreftsjukdom- og behandling.
Description
MS1-307 Masteroppgåve i samhandling innan helse- og sosialtenester