Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRørvik, Bodil Taule
dc.date.accessioned2022-09-15T11:45:24Z
dc.date.available2022-09-15T11:45:24Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3018056
dc.descriptionMaster i fysisk aktivitet og kosthold i eit skulemiljø Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for idrett, kosthold og naturfagen_US
dc.description.abstractStudie søkjer å gje eit innblikk i fem barneskulelærarar sin livsverd. Målet med studie er å få ei innsikt i kva erfaring og refleksjonar eit utval lærarar har kring tematikken kropp i barneskulen. Oppgåva rettar merksemd mot lærarane sine erfaringar, refleksjonar og arbeid med tematikken, og sett søkjelys mot bareskulen si rolle knytt til kropp. For å lyfte lærarane sine utsegn ytterligare, vert Goodlad (1979) sin læreplanteori som didaktisk grunnlag presentert. Kroppstematikken løftast gjennom det kartesianske, fenomenologiske og sosiokulturelle kroppssyn. Gjennom statlege styringsdokument blir skulen omtalt som ein mogleg arena der eleven, gjennom det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring, kan utvikle eigenskaper og verktøy, for korleis dei kan lære å bli glad i seg sjølv og sin eigen kropp. Få studiar har derimot studert situasjonen i barneskulen. Trass i brei forsking kring lærarar og andre vaksne sin betydning for barn og unge si oppfatning av eigen kropp, er det likevel få studiar som seier noko om kva lærarane gjer, og korleis dei reflekterer kring ansvaret dei og barneskulen har, knytta til barn og kroppstematikk. Fordi føremålet med studie er å få eit innblikk i lærarar sine erfaringar og refleksjonar, nyttast ein kvalitativ metodiske tilnærming. Datamaterialet er henta frå individuelle semistrukturerte intervju med fem lærarar i barneskulen. Studie sine funn viser at kroppstematikken er aktuell også i barneskulen. Elevane er oppteken av kva type kropp dei har, og informantane peikar på korleis eleven sine tankar om kropp påverkar dei personleg, sosialt og fagleg. Lærarane reflekter over korleis jamnaldrande, foreldre og sosiale mediar påverkar elevane sin utvikling av kroppsbilete. Gjennom det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring, skildrar lærarane korleis tematikken kropp er ein del av mange fag. Det er likevel det å snakke om kroppen, anten på individ eller gruppenivå, som viser seg mest aktuelt hjå lærarane. Informantane meiner læraren og barnskulen har ei unik rolle til å ruste barna for framtida, og gjennom sitt arbeid, skape realistiske og positive kroppserfaringar og kroppsbilete. Raske samfunnsendringar krev at barn i dag treng andre kunnskapar og ferdigheiter enn det ein tidlegare trengde. Tankar knytt til kropp viser seg avgjerande for den generelle psykiske helsa. Da barn allereie i barneskulen uttrykkjer uro kring eigen kropp, må dei også vere medviten på korleis dei skal takle dei kjenslene som møter dei, der barneskulen og lærarane kan ha ein avgjerande rolle. Det er likevel ikkje alle informantane som grip rolla slik dei bør.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.title«Det eg før høyrde på 10. trinn, høyrer eg no på 7. trinn»; Eit utval lærarar sine erfaringar og refleksjonar kring tematikken kropp i barneskulenen_US
dc.title.alternative“What I used to hear in the 10th grade, I now hear in the 7th grade”; A selected group of teachers’ experience and reflections around the theme of body in primary schoolen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMFAKS514en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal