Show simple item record

dc.contributor.authorLeine, Amanda Helsem
dc.date.accessioned2022-09-15T11:43:07Z
dc.date.available2022-09-15T11:43:07Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3018052
dc.descriptionMaster i fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI).en_US
dc.description.abstractDette er ei masteroppgåve skrive ved Høgskulen på Vestlandet, under fakultetet for lærarutdanning, kultur og idrett. Denne forskingsoppgåva tek utganspunkt i problemstillinga: «Kva tankar og erfaringar knytt til skade og skadeførebyggande trening, har eit utval lærarar som underviser i programfaget toppidrett på idrettsfag, ved eit utval vidaregåande skular?» Det er nytta kvalitativ metode, og gjennomført fire semistrukturerte djubdeintervju. Vitskapsteoretisk er studiet innanfor det fortolkande paradigme, med hermeneutikk og sosial konstruktivisme som tilnærming i fortolking av empirien. Det er nytta tematisk analysemetode. For å diskutere empirien, er oppgåva knytt opp til relevant litteratur. Dei funna som er signifikante i oppgåva, viser at lærarane erfarer at elevar er skada når dei kjem til vidaregåande skule. Skadane lærarane ser har ikkje med treninga i toppidrettsfaget å gjere, meiner dei. Tidlig spesialisering og lite variasjon blir nemnt som potensielle skadeårsaker. Lærarane opplev mest belastingsskadar blant elevar på toppidrettsfaget. Det peikast på at samarbeidet mellom skule og idrettsklubb har vore mangelfullt, men er ønskelig av alle lærarane. Aktivitetslærefaget blir nytta til skadeførebyggande trening, og er eit organiseringstiltak som nylig er sett inn. Ein av lærarane meiner den store treningsmengda gjer at toppidrettsfaget ikkje passar for alle elevar. Medan ein annan lærar meiner toppidrettsfaget passar for elevar som vil satse hardt på idretten, så lenge undervisninga blir styrt etter læreplanen. Nokre elevar blir anbefalte å bytte til programfaget breiddeidrett, då dei blir sett på som «svakare». Det er vaksenpersonar i barn og unge sine liv som er ansvarlige for helsa deira. Toppidrettsfaget kan ikkje aleine få skulda for skadeførekomsten blant elevar, då det er mange ulike aktørar som spelar viktige roller inn mot skadar og skadeførebyggande tiltak. Vidare vil det vere naturlig å undersøke dette forskingsfeltet frå eit elevperspektiv. Det vil også vere relevant å sjå på om fleire lærarar erfarer at elevar kjem skada til vidaregåande skule. Å forske på denne tematikken med kvantitativ tilnærming vil også vere nyttig, då ein får moglegheit til å generealisere i større grad.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectIdrettsfagen_US
dc.subjecttoppidrettsfageten_US
dc.subjectskadeen_US
dc.subjectskadeførebyggande treningen_US
dc.subjectbelastningen_US
dc.subjectutdanningsprogramen_US
dc.subjectlærarrollaen_US
dc.subjectsamarbeiden_US
dc.titleSkade og skadeførebyggande trening i toppidrettsfaget, frå lærarperspektivet: Eit kvalitativt studie om lærarar sine tankar og erfaringar knytt til skade og skadeførebyggande trening på programfaget toppidrett på idrettsfag.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMFAKS514en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal