I kva grad kan ein kort intervensjon med problemløysande undervisning påverke (mis)oppfatningar ungdomsskuleelevar har til matematikk? - Ein intervensjonsstudie med problemløysande aktivitetar
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3016825Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med denne studien var å undersøke ungdomsskuleelevar sine (mis)oppfatningar knytt til matematikk og forske på om desse oppfatningane går an å påverke. Problemløysing har ei sentral rolle i elevar si læring av matematikk og får stadig større plass i den norske skulen. I fagfornyinga, LK20, er problemløysande aktivitetar avgjerande for å dekkje fleire av kjerneelementa innanfor matematikkfaget. Tidlegare intervensjonar med problemløysing har hatt positiv innverknad på elevane sine oppfatningar til matematikk, noko som er heilt essensielt for dei skal vere interessert og lykkast i faget. Likevel har desse intervensjonane ofte vore langvarige og dermed vanskelege å implementere i den travle skulekvardagen. Difor ønskte vi å gjennomføre ein kort intervensjon som er enklare å implementere i matematikkundervisninga. Med bakgrunn i dette utforma vi følgjande problemstilling: I kva grad kan ein kort intervensjon med problemløysande undervisning påverke (mis)oppfatningar ungdomsskuleelevar har om matematikk? Målinga av dei matematiske oppfatningane blei gjennomført med kvantitative spørjeundersøkingar. Elevane svarte på ei spørjeundersøking i forkant av intervensjonen og ei spørjeundersøking i etterkant av intervensjonen. Dette var for å undersøke om oppfatningane vi målte hadde blitt endra i løpet av intervensjonen. Deretter supplerte vi resultata frå spørjeundersøkingane med kvalitative intervju med tre av elevane. Studien viser indikasjonar på at fleire av elevane sine oppfatningar har blitt påverka positivt. Elevane svarar at dei er blitt meir interesserte i matematikk som følgje av intervensjonen. Resultata viser også at elevane har fått meir positive oppfatningar om løysingar, og til tidsbruk innanfor matematikk. Resultata frå pre- og post-testen viste omtrent ingen endring på elevane sine oppfatningar om framgangsmåtar, men intervjua gav positive indikasjonar. Trass at resultata frå spørjeundersøkinga er positive, er det vanskeleg å komme med ein bestemt konklusjon, sidan det har vist seg at måleverktøyet er noko upresist. Likevel byggjer dei kvalitative intervjua opp under den positive utviklinga som resultata frå spørjeundersøkinga viser.
Beskrivelse
Masteroppgåve i grunnskulelærarutdanninga, fordjuping i
matematikkdidaktikk
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)
Innleveringsdato: 16.05.2022