La meg vere med! Om iverksetjing av inkluderande miljø i barnehagen
Abstract
Studien ser nærare på korleis barnehagen har handtert iverksetjinga av prosjektet
inkluderande barnehage og skulemiljø. Prosjektet er eit kompetansehevingsprogram i regi av
utdanningsdirektoratet der høgskulen Innlandet har laga eit fagleg program for sektoren.
Gjennom fokusgruppeintervju med styrarar og pedagogiske leiarar har eg funne at
prosjektet har skapt endring. Ei sterk kommuneleiing har støtta iverksetjinga og har styrka
barnehagane sine føresetnadar for læring og utvikling. Funna syner at leiing er ein viktig
faktor i alle ledd og både styrarar og pedagogiske leiarar har hatt ei sentral rolle i
gjennomføringa av prosjektet. Arbeidet har inkludert alle tilsette og har fremja kultur for
læring og utvikling både individuelt og kollektivt. Utfordringar knytt til iverksetjinga finn vi
mellom anna i barnehagen sin kompleksitet. Ulike faglege bakgrunnar, utskifting av tilsette
og endringsvilje. Auka arbeidsmengde saman med lite tid å gjere det på har og vore ei
utfordring i iverksetjinga.
Description
Master i organisasjon og leiing
Høgskulen Vestlandet
10.06.22