Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHauge, Hilde Gretha
dc.date.accessioned2022-08-29T08:38:08Z
dc.date.available2022-08-29T08:38:08Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3014039
dc.descriptionMasterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing. Fakultetet for økonomi og samfunnsvitskap. Institutt for samfunnsvitskapen_US
dc.description.abstractBakgrunn og føremål: Når eg skulle starte mitt masterarbeid var det viktig for meg å velje eit tema eg kunne relatere til min arbeidskvardag. 12.mars 2020 stengde Noreg ned og frå ein dag til den neste gjekk vi frå det kjende og trygge til noko meir utrygt. Vi fekk ikkje berre ein ny kvardag heime, men også arbeidsdagen vår vart sterkt prega av pandemien. Som leiar tykte eg dette var svært utfordrande. Når vaksinasjonen starta og Noreg opna meir og meir oppatt fekk eg anledning til å stanse opp og undre; korleis synes andre leiarar det hadde vore å vere leiar i pandemien? Leiarrolla handlar om å stå opp for andre og i kriser er det viktigare enn nokon gong. Pandemien var ein ny situasjon for alle og når medarbeidaren var usikker var det viktig at leiaren sto fram som sikker. Korleis var det? Å vere i eit leiarteam med felles forståing, der ein arbeider tett ilag for å finne løysingar, kan vere avgjerande i slike situasjonar. Korleis sikra ein samhaldet med dei tilsette under pandemien - klarte ein å formidle viktigheita av det arbeidet som dei gjorde? Og klarte ein å skape ei felles forståing, slik at alle drog i same retning og ytte gode tenester på forsvarleg vis når tenestene var på det mest sårbare? Desse spørsmåla ønskte eg å få svar på, og dei vart utgongspunktet for mitt arbeid. Metode: Studien har eit kvalitativt design. Data til studiet er henta inn gjennom å intervjue 9 leiarar på 5 institusjonar i «gamle» Sogn og Fjordane. Resultat og konklusjon: I denne oppgåva har eg støtta meg på hovudtrekka frå Arjen Boin sine 5 punkt som omhandlar dei kritiske utfordringane ein leiar kan stå ovanfor når ei krise skal handterast. (Boin, 2017, ss. 10-15). Ved hjelp av desse punkta og funna mine ønskte eg i analysedelen å vise om det var ein samanheng mellom mine funn og hans karakteristikk. Hovudfunna mine viste at leiarane hadde altfor lite kunnskap om kriseleiing før pandemien. Nokre av dei hadde vore leiar under mindre kriser tidlegare, som Dagmar-orkanen, men ingen hadde opplevd noko slikt før og følte seg ganske makteslause. Dei gjorde så best dei kunne, ofte utan at nokon fortalde dei kva dei skulle gjere. Dei handla berre, og stolte på at det gjekk bra. Det var ei kaotisk tid, med mykje informasjon frå styresmaktene som skulle bringast vidare. Korleis dei skulle gjere det, var heller ikkje så enkelt. Informasjonskanalar som dei før hadde brukt, kunne ein ikkje bruke fordi restriksjonane gjorde at ein ikkje kunne møtast så mange på ein gong lenger. Alt dette, samstundes som at informasjonsbehovet til dei tilsette vart opplevd å vere mest utømeleg. Dei tilsette var redde og engstelege. Ikkje berre for å bli sjuke sjølve, men også for å vere den som tok smitten med seg inn i institusjonen. Så var det pasientane og dei pårørande. Alle informantane fortalde at besøksforbodet var både sårt og vanskeleg å praktisere. Dei såg kor berørte dei pårørande vart av dette, sjølv om dei sa dei hadde forståing for at det måtte vere slik. Sist, men ikkje minst var det pasientane som ikkje lenger fekk sjå sine kjære på fleire veker. Mange gav uttrykk for at dette var vanskeleg. Ikkje alle kommunar hadde utarbeidde smittevernsrutinar. I nokre kommunar var det leiarane sjølve som måtte skrive dei, i andre kommunar var det eit større støtteapperat og det var gjerne smittevernlegen som gjorde det. Det var eit stort stressmoment når leiaren skulle ha denne oppgåva i tillegg til å leie ei personalgruppe i ein pandemi. Arbeidsoppgåvene til leiarane vart også annleis i pandemien. Oppgåver dei gjorde før vart sett på vent og arbeidet med pandemien vart det som var det essensielle i denne perioden. Alle informantane fortalde om at det var eit sterkt samhold. Sjølv om ein som leiar ikkje lukkast å vere så synleg som ein ønskte fordi restriksjonane ikkje tillot det, så opplevde leiarane likevel at personalet hadde det bra på jobb og treivst med å få betre tid med pasientane. For dagane vart rolegare. Ingen organiserte aktivitetar, lavt sjukefråvær og god tilgang på vikarar gjorde til at arbeidsdagen vart god. Ei utfordring som ein ikkje såg komme, var mangel på smittevernsutstyr. Leiarane vart sett til å få oversyn over smittevernslager og skaffe alt dei klarte få tak i av utstyr som hanskar, munnbind og frakkar. Dette var arbeidsoppgåver som kom i tillegg til dei andre oppgåvene dei skulle gjere. Nøkkelord: leiing, krise, kriseleiing, handtering av kriser, beredskapsleiing, samhandling, kommunikasjon, pandemien_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectLedelseen_US
dc.subjectkriseen_US
dc.subjectkriseledelseen_US
dc.subjectberedskapsledelseen_US
dc.subjectsamhandlingen_US
dc.subjectkommunikasjonen_US
dc.subjectpandemien_US
dc.titleDet strevsame året: ein kvalitativ studie av leiing i kommunehelsetenesta under korona pandemienen_US
dc.title.alternativeThe strenous year: A Qualitative Study of the leadership of the municipal health service during the corona pandemien_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber93en_US
dc.description.localcodeMR691en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal