Det strevsame året: ein kvalitativ studie av leiing i kommunehelsetenesta under korona pandemien
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3014039Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn og føremål: Når eg skulle starte mitt masterarbeid var det viktig for meg å velje
eit tema eg kunne relatere til min arbeidskvardag. 12.mars 2020 stengde Noreg ned og frå ein
dag til den neste gjekk vi frå det kjende og trygge til noko meir utrygt. Vi fekk ikkje berre ein
ny kvardag heime, men også arbeidsdagen vår vart sterkt prega av pandemien. Som leiar tykte
eg dette var svært utfordrande. Når vaksinasjonen starta og Noreg opna meir og meir oppatt
fekk eg anledning til å stanse opp og undre; korleis synes andre leiarar det hadde vore å vere
leiar i pandemien? Leiarrolla handlar om å stå opp for andre og i kriser er det viktigare enn
nokon gong. Pandemien var ein ny situasjon for alle og når medarbeidaren var usikker var det
viktig at leiaren sto fram som sikker. Korleis var det? Å vere i eit leiarteam med felles
forståing, der ein arbeider tett ilag for å finne løysingar, kan vere avgjerande i slike
situasjonar. Korleis sikra ein samhaldet med dei tilsette under pandemien - klarte ein å
formidle viktigheita av det arbeidet som dei gjorde? Og klarte ein å skape ei felles forståing,
slik at alle drog i same retning og ytte gode tenester på forsvarleg vis når tenestene var på det
mest sårbare? Desse spørsmåla ønskte eg å få svar på, og dei vart utgongspunktet for mitt
arbeid.
Metode: Studien har eit kvalitativt design. Data til studiet er henta inn gjennom å intervjue 9
leiarar på 5 institusjonar i «gamle» Sogn og Fjordane.
Resultat og konklusjon: I denne oppgåva har eg støtta meg på hovudtrekka frå Arjen Boin
sine 5 punkt som omhandlar dei kritiske utfordringane ein leiar kan stå ovanfor når ei krise
skal handterast. (Boin, 2017, ss. 10-15). Ved hjelp av desse punkta og funna mine ønskte eg i
analysedelen å vise om det var ein samanheng mellom mine funn og hans karakteristikk.
Hovudfunna mine viste at leiarane hadde altfor lite kunnskap om kriseleiing før pandemien.
Nokre av dei hadde vore leiar under mindre kriser tidlegare, som Dagmar-orkanen, men ingen
hadde opplevd noko slikt før og følte seg ganske makteslause. Dei gjorde så best dei kunne,
ofte utan at nokon fortalde dei kva dei skulle gjere. Dei handla berre, og stolte på at det gjekk
bra. Det var ei kaotisk tid, med mykje informasjon frå styresmaktene som skulle bringast
vidare. Korleis dei skulle gjere det, var heller ikkje så enkelt. Informasjonskanalar som dei før
hadde brukt, kunne ein ikkje bruke fordi restriksjonane gjorde at ein ikkje kunne møtast så
mange på ein gong lenger. Alt dette, samstundes som at informasjonsbehovet til dei tilsette
vart opplevd å vere mest utømeleg. Dei tilsette var redde og engstelege. Ikkje berre for å bli
sjuke sjølve, men også for å vere den som tok smitten med seg inn i institusjonen. Så var det
pasientane og dei pårørande. Alle informantane fortalde at besøksforbodet var både sårt og
vanskeleg å praktisere. Dei såg kor berørte dei pårørande vart av dette, sjølv om dei sa dei
hadde forståing for at det måtte vere slik. Sist, men ikkje minst var det pasientane som ikkje
lenger fekk sjå sine kjære på fleire veker. Mange gav uttrykk for at dette var vanskeleg.
Ikkje alle kommunar hadde utarbeidde smittevernsrutinar. I nokre kommunar var det leiarane
sjølve som måtte skrive dei, i andre kommunar var det eit større støtteapperat og det var
gjerne smittevernlegen som gjorde det. Det var eit stort stressmoment når leiaren skulle ha
denne oppgåva i tillegg til å leie ei personalgruppe i ein pandemi. Arbeidsoppgåvene til
leiarane vart også annleis i pandemien. Oppgåver dei gjorde før vart sett på vent og arbeidet
med pandemien vart det som var det essensielle i denne perioden. Alle informantane fortalde
om at det var eit sterkt samhold. Sjølv om ein som leiar ikkje lukkast å vere så synleg som ein
ønskte fordi restriksjonane ikkje tillot det, så opplevde leiarane likevel at personalet hadde det
bra på jobb og treivst med å få betre tid med pasientane. For dagane vart rolegare. Ingen
organiserte aktivitetar, lavt sjukefråvær og god tilgang på vikarar gjorde til at arbeidsdagen
vart god.
Ei utfordring som ein ikkje såg komme, var mangel på smittevernsutstyr. Leiarane vart sett til
å få oversyn over smittevernslager og skaffe alt dei klarte få tak i av utstyr som hanskar,
munnbind og frakkar. Dette var arbeidsoppgåver som kom i tillegg til dei andre oppgåvene
dei skulle gjere.
Nøkkelord: leiing, krise, kriseleiing, handtering av kriser, beredskapsleiing, samhandling,
kommunikasjon, pandemi
Beskrivelse
Masterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og
utdanningsleiing. Fakultetet for økonomi og samfunnsvitskap. Institutt for samfunnsvitskap