Norsklærarar sine oppfatningar av språkleg variasjon i skulen: språk som problem, rett eller ressurs
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3013597Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med denne oppgåva er å undersøkje kva oppfatningar norsklærarar har til språkvariasjonen som finst blant elevar. Gjennom eit gruppeintervju med fire lærarar kjem oppfatningane deira av språkvarietetar fram, og oppfatningane sjåast på som eit resultat av haldningane og ideologiane til lærarane. Difor blir det lærarane seier analysert og drøfta opp i mot Ruiz (1984) sine tre språkorienteringar språk som problem, språk som rett og språk som ressurs. Alle orienteringane er representert når lærarane diskuterer og reflekterer kring temaet. Lærarane snakkar mykje om oppfatningar som tilhøyrar det problemorienterte synet på språk. Samstundes er dei tydeleg klar over at språket stadig er i endring, og på fleire måtar ser det ut som at dei ser på varietetar i språket som ressursar. Læreplanen blir kopla til språk som rett, og orienteringa er like viktig som dei andre språkorienteringane til Ruiz (1984). Analysen av intervjuet syner at det hjå nokre av desse lærarane var enkelte språkorienteringar som var meir synleg enn andre. Men det var ingen av lærarane som berre kunne koplast til ei av orienteringane språk som problem, rett eller ressurs. Lærarane er tydeleg opptekne av språket til elevane, men korleis dei forheld seg til det er basert på ei eige meining og korleis språket burde vere og ikkje burde vere.
Beskrivelse
MGBNO550 – Grunnskulelærarutdanning 1-7, master i norsk
Fakultetet for Lærarutdanning, kultur og idrett
15.05.2022