«Drift stel tida vår» – skuleleiarar sine erfaringar med å leie berekraftig kunnskapsforvaltning i vidaregåande skular
Chapter, Peer reviewed
Published version
View/ Open
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Sekkingstad, D. & Glosvik, Ø. (2022). «Drift stel tida vår» – skuleleiarar sine erfaringar med å leie berekraftig kunnskapsforvaltning i vidaregåande skular. I H. Hogset, J. Alteren, B. Jæger & S. Straume (Red.), Bærekraft : Fjordantologien 2022 (s. 279-297). Universitetsforlaget. 10.18261/9788215062938-2022-14Abstract
Føremålet med denne artikkelen er å få fram ny kunnskap om kva som kjenneteiknar leiingspraksis i vidaregåande skular når målsetjinga er arbeidsplassbasert kompetanseutvikling for berekraftig kunnskapsforvaltning. Artikkelen byggjer på ein studie av Yrkesfaglærarløftet der arbeidsplassbasert kompetanseutvikling er sett på dagsordenen. Empiri er samla gjennom fokusgruppeintervju med fem skuleleiargrupper i fem vidaregåande skular som har delteke i Yrkesfaglærarløftet. Vi identifiserer tre parallelle leiingspraksisar: leiing som drift, leiing gjennom plan ogsystem, og systemisk leiing. Avslutningsvis drøftar vi kva leiingspraksis som kan fremje berekraftig kunnskapsforvaltning i yrkesfagutdanningane.