Utdanningslinja, -èi linje?: Med fokus på overgangen barnehagen-skule frå eit profesjonsperspektiv
Abstract
Utdanningslinja, -èi linje?
-med fokus på overgangen barnehage-skule frå eit profesjonsperspektiv
Denne studien spør om korleis lærarar og barnehagelærarar forstår samfunnsmandatet sitt om læring og danning, og korleis dette verkar inn på samarbeidet om overgangen frå barnehage til skule. Målet med studien er å få fram om det har skjedd endring, tilnærming og auka forståing mellom barnehage og skule etter dei siste reformene, der læreplanane vart samordna og overgangssamarbeid presisert. Undersøkinga er ein kvalitativ studie der pedagogar i 5-årsgrupper og førsteklassar er intervjua om føremålet med barnehagen og skulen sine oppgåver og om overgangssamarbeid mellom institusjonane. Funna viser to yrkesgrupper som langt på veg forstår samfunnsmandatet sitt likt, men som også opplever eit krysspress mellom læreplanane sine mange krav. Pedagogane prioriterer ulikt og har lite kjennskap til kvarandre sin praksis. Analysen viser ei spenning mellom to kulturar og ambivalens rundt læringsomgrepet, og spør om både einskapsskulen og barnehagen sitt heilskaplege læringssyn er under press. Studien konkluderer med å etterlyse leiing av eit systematisk arbeid der det vert avsett tid til møter mellom pedagogar i skule og barnehage, for slik å oppnå forståing og samsyn, ikkje berre på eit praktisk, men også på eit overordna plan.
Description
MR 690
Masteroppgåve i organisasjon og leiing