Livslang læring: Fleksibel utdanning i HVL 2022-23
Abstract
Dette notatet gir ei samla oversikt over fleksible studietilbod ved Høgskulen på Vestlandet studieåret 2022. I arbeidet med notatet har det blitt reist nokre problemstillingar og utfordringar som ein har forsøkt å svara ut eller opplysa for å ha eit betre kunnskapsgrunnlag. HVL har som ambisjon å vera den føretrekte samarbeidspartnaren og ha ei kraftfull satsing på livslang læring. Siste året har HVL gjort organisatoriske grep for å setja livslang læring på dagsorden, og livslang læring blir etterspurt som styrande prinsipp når det kjem til prioriteringar i framtidig utdanningsportefølje.
I notatet er det bruk god plass til å definera og forklare korleis me kan forstå omgrep som livslang læring, fleksibel utdanning, desentralisert utdanning og nettbasert utdanning. For HVL er sterke fagmiljø ved dei fire fakulteta knytt til fem campusar grunnstamma for utviklinga av studietilboda. Denne våren har studiesenter komme høgt på den politiske dagsorden og me gir i notatet nokre døme på korleis studiesenter kan vera utfyllande til HVL si fleircampusorganisering. For framtida vil det vera viktig å finne både berekraftige og varige løysingar for å gi både arbeidslivet og enkeltmenneske tilgang på relevant kompetanse uavhengig geografi og livssituasjon.
I oversikten over fleksible studietilbod ved HVL kjem det fram at det er liten variasjon frå inneverande studieår til studieåret 2022-23. Alle fakulteta har ei rekkje studietilbod som har ei fleksibel organisering, i tillegg til at det er gjort ulike grep ved fleire av studietilboda som er organisert med undervisning på fulltid på ein av campusane for å svare på studentar sitt behov for fleksibilitet og tilrettelegging av studiekvardanen. Vidareutdanningar utgjer den største porteføljen av fleksible studietilbod ved HVL, og Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett utmerkar seg med ein svært stor portefølje som er knytt til nasjonale oppdrag for å løfte kompetansen til tilsette i barnehage og skule. Alle fakulteta har gradsgivande utdanningar på både bachelor- og masternivå som har ei fleksibel organisering. Sjølv om det er eit stort tal fleksible utdanningar ved HVL, er dei fleste studentane knytt til studietilbod som har undervisning ved ein campus på heiltid. Samla sett ser me at studieporteføljen har ei forsiktig utvikling mot fleire studietilbod som har ei fleksibel organisering. I notatet gjer fakulteta greie for sentrale samarbeidspartnarar og finansieringskjelder knytt til fleksible utdanningar, og på kva område fagmiljøa ser at dei kan utvikle den fleksible studieporteføljen for å svare ut forventningar om livslang læring.
Notatet har lagt lite vekt på utfordringar knytt til finansiering sidan det er fleire utanforliggjande prosessar som ikkje er avklart. Parallelt med utarbeiding av dette saksnotatet har det vore høyring på finansieringsutvalet sin rapport, og det er venta ny forskrift om eigenbetaling. Det er heller ikkje lagt stor vekt på intern arbeidsdeling, roller og ansvar i denne samanheng. Dette er likevel eit område det blir jobba med kontinuerleg og som krev sterk intern merksemd i tida framover.
Description
Høgskulen på Vestlandet sin skriftserie, HVL-notat