Det moderne klyngetun – Ein case studie av alternativ bustadområde
Master thesis

View/ Open
Date
2020Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for byggfag [301]
Abstract
Noreg har ein samansetting av bustad som ikkje reflektera samansettinga av menneske i bustadane. Det er einebustadar som rangerar over andre busetnadsformar, medan det er høgast del aleinebuande i landet. Det er behov for å utvikla utbyggingsprinsipp for busetnadsområder både i byar og i distrikta som imøtekomma det sosiale behovet og førebyggjar einsemd.
Formålet med oppgåva er å undersøka kva kriterium i klyngetunprinsippet og dei fem prinsippa i «Nye boligformer: en eksempelsamling» som kan danne ein modell for utforming av inkluderande bustadområde i fysisk planlegging. Undersøkinga tar utgangspunkt i tre case – to eldre frå 1970- og 1980- talet og ein av nyare dato frå 2013-17. Selegrend 1 og 2 i Bergen og Vindmøllebakken i Stavanger som er vade fordi dei passar tematisk. Det er ønskjeleg at denne studien kan fremma klyngetunet som inspirasjonskjelde og modell for moderne bustadbygging.
Denne studien er det innhenta variert informasjon til å kunne svara problemstillinga som er «Korleis kan ein utforma eit inkluderande bustadområde?». Dette har ført til bruk av variert bruk av metodar for å prøve å oppnå data som overlappar kvarandre som førar til at ein kan få framheva resultat (Halvorsen, 2008). Oppgåva har case-, litteratur-, dokumentstudie samt statistikk, der ein ser på tre forskjellige casar.Ved å sjå på funna i studien kjem det fram at dei prinsippa som ein må ta høgde for å bruka ved ein inkluderande bustadområde er; fellesskap, utforming og brukarmedverknad.
Description
Masteroppgave i areal og eigedom, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen