Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBolset, Ole Martin
dc.date.accessioned2015-06-30T11:50:05Z
dc.date.available2015-06-30T11:50:05Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/286122
dc.descriptionLandskapsplanlegging med landskapsarkitektur PL491 Juni 2015nb_NO
dc.description.abstractFøremålet med denne oppgåva er å utvide Helgheim kyrkjegard med antall parkerings- og gravplassar.For å løyse dette på ein god måte har temaa estetikk, universell utforming og arealutnytting vore vektlagt. Eg starta arbeidet med å hente inn informasjon og kunnskap. Dette vart gjort ved hjelp av litteratur, både internett og bøker, og eg fekk informasjon av Jølster kommune om området og arbeidet som måtte gjerast. Eg reiste òg på ei synfaring tidleg i det innleiande arbeidet. Når dette var gjort hadde eg god oversikt over oppgåva og området eg skulle jobbe med. Det var først etter dette eg såg kva som måtte vektleggast i denne oppgåva, og kva problemstillinga mi skulle vere. Det neste steget var å registrere ulike naturfarar og tema som var relevante for Helgheim, og å skaffe alt av kartdata som var naudsynt. Desse fekk eg av Jølster kommune. Resultatet av denne oppgåva er sjølve områdereguleringsplanen for Helgheim kyrkjegard. Dette resultatet består av ein planomtale, reguleringsføresegner, ROS-analyse og eit plankart. Sidan eg ikkje er kyndig til å registrere sannsyn for ulike naturfarar innanfor ROS-analysa, har kommunen bestilt inn ei tillegsvurdering av ein eksisterande reguleringsplan for E39 Skei-Bjørset. Eg har sett opp ulike sannsyn på skredfarer, men ikkje noko sikkert. Om tillegsvurderinga vil komme med resultat som ikkje samsvarar med denne planen må plankart med omsynssoner og ROS-analysa endrast. Plankartet er utarbeida i GISLINE arealplan. Hovudpunkt i resultatet er sjølve utforminga av utvidinga, med gravlundene øvst i området og parkeringsplassen nærmare Jølstravatnet som er det mest arealutnyttande alternativet. Utforminga av gangvegen var eit viktig punkt for universell utforming, då denne vil føre til minimal forvirring og gje ein god tilgong til alle gravlundene. Detaljar som murar, port og det å ha ein grusbelagt gangveg var val der estetikk vart mest vektlagd. Den siste delen av oppgåva er drøfting, og i denne delen går eg gjennom kva val som er tekne i resultatet og kvifor desse vala er gjort. Her forklarar eg kva tema som har blitt sett opp imot kvarandre innanfor ulike val, og kva tema som har gått seirande ut.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleReguleringsplan for Helgheim kyrkjegardnb_NO
dc.title.alternativeLocal development plan for Helgheim churchyardnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber48nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel