Det premature barnet og foreldra i neonatalavdelinga
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/285734Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn for val av tema: Premature barn er ei av dei mest sårbare pasientgruppene i samfunnet. Dei er barna som før i tida ikkje ville hatt livets rett. Kvart år blir det født cirka 7,5 prosent premature barn i Noreg. Dette er omlag 4400 barn. Dei premature barna «kastar» seg ut i livet litt for tidleg, og har dermed auka risiko for å utvikle fysiske og psykiske mèn enn barn født til termin. Grunnlaget for at det premature barnet skal kunne utvikle seg til eit trygt og sjølvstendig individ, er at det får tilknyting til sine foreldre. Eg har valt å skrive om det premature barnet og foreldra fordi eg i praksis har erfart kor vanskeleg det kan vere for foreldra å få eit prematurt barn. Dei er redde og usikre. Dei vil trenge god støtte og veiledning frå sjukepleiar for å få tilknyting til sitt barn som den første tida etter fødsel ligg i ei kuvøse (Ulvund, 2010).
Konklusjon: Litteraturstudien viser at tidleg og god tilknyting er grunnleggande og viktig for at foreldra skal ha det godt, og for at barnet skal utvikle seg til eit trygt og sjølvstendig individ i samfunnet. Tiltaka som eg presenterar i litteraturstudien vil ifølge teori og forsking kunne bidra til å fremme tilknyting.
Beskrivelse
Sjukepleie, Bachelorstudium Sk152 2015