Kurs i studiemeistring - eit tilbod til sjukepleiarstudentane i starten av utdanninga
Abstract
Studentlivet er ukjent for dei fleste studentar som startar i høgre utdanning. Det kan føre til stress, og i nokre høve psykiske plager som studentane skal meistre. Statistikk viser ein auke i alvorlege psykiske symptomplager og einsemd. Likevel trivst majoriteten av studentane og meistrar studielivet, men sjølv desse kan ha nytte av eit kurs i studiemeistring. Eit studiemeistringskurs vart utvikla ved campus Førde for å gje nye studentar ein god start på sjukepleiarutdanninga.
Hensikt: Hensikta med denne rapporten er å dokumentere innhaldet i kurset studiemeistring og drøfte innhaldet og erfaringane frå kurset i lys av stressmeistringsteori.
Teoretisk forankring: Meistring, meistringstru og stress. I
Innhald: Presentasjon av studiemeistringskurset. Diskusjon kring studentane si helse- og trivsel i høgare utdanning. Tema om utfordringar og meistringstiltak som ny student, stunt med skråblikk på studielivet og gruppearbeid med gjennomgang i fellesskap og oppsummering.
Avslutting: Studiemeistringskurset har blitt gjennomført 15 gonger, og vart hausten 2020 erstatta av danningsemnet. Gjennom litteratur og dialog med studentane i kurset kom ulike perspektiv på studielivet til syne. Dette vart og sett på som ei evaluering av
Description
Skriftserien ved Høgskulen på Vestlandet, HVL-Notat