Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRussenes, Kariann Solhaug
dc.date.accessioned2021-10-29T08:30:09Z
dc.date.available2021-10-29T08:30:09Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2826467
dc.descriptionFakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Sogndal 2021en_US
dc.description.abstractBakgrunn og mål med studien: Elevar med ADHD gjer det dårlegare i skulen, og har manglande motivasjon samanlikna med jamgamle. I fleire studier har intervensjonsstudier med fysisk aktivitet funne ein signifikant innverknad på kognitiv funksjon og åtferd hjå barn med ADHD, som mellom anna innebar betring av symptom som merksemd, arbeidsminne og hyperaktivitet. Forsking indikerar at elevane som deltek i studien kan få betra konsentrasjon gjennom at «on-task» periodane deira blir lengre, og «off-task» periodane blir kortare i løpet av skuletimane dei gjennomfører pausane i. Målet med denne studien er å undersøke i kva grad avbrekk med fysisk aktivitet kan stimulere til betre konsentrasjon hjå elevar som går siste året på VGS. Metode: Studien er ei pilotstudie som gransker korleis korte avbrekk med fysisk aktivitet i eit teoretisk fag påverkar konsentrasjonen til elevar. Det er gjennomført ein intervensjon med 1 veke pre-test, 3 veker intervensjon og 1 veke post-test. I denne studien vart nytta ein kombinasjon av kvalitative og kvantitative data. Lærar observerte elevane, og kryssar av på spørsmål knytt til i kor stor grad elevane arbeida med oppgåvene sine (time on task), og deira motoriske uro i løpet av skuletimane i eit teoretisk skulefag. Etter intervensjonen vart lærar og elevar intervjua knytt til deira oppleving av intervensjonen. Resultat og konklusjon: Funna knytt til korleis avbrekka fungerte på elevane var blanda, med både positive, negative og nokre gongar ingen innverknadar på elevane sin konsentrasjon. Resultata frå lærar-rapporteringar knytt til motorisk uro og time on task viste positive effektar på begge variablane, men består av ei lita mengde data som ein ikkje kan trekke slutningar frå. Studien peiker på faktorar som at elevane nokre gongar tok pausar til feil tid, og difor ikkje fekk optimalt resultat av intervensjonen. Pilotstudien har vore vellukka i den grad at den har utforska og implementert ein intervensjon som ikkje har blitt gjort tidlegare, og kastar lys over ulike barrierer som må takast omsyn til i eit eventuelt hovudprosjekt. Pilotstudien viser til at meir forsking på området er ønskeleg, då med justeringar knytt til lengde på intervensjonen, og eventuell gjennomføring i fleire teoretiske fag. Studien konkluderar med at korte pausar med fysisk aktivitet kan implementerast som eit alternativ for å betre konsentrasjon, men at mange faktorar påverkar kor stor effekt avbrekka vil ha på elevane.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleKorleis påverkar fysisk aktive pausar elevar med konsentrasjonsvanskar? Ein pilotstudie med intervensjonen_US
dc.title.alternativeImpact of short bouts of physical activity on pupils with attention-deficits: A pilot study with an interventionen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMIDR506en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal