Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKveane, Marthe
dc.date.accessioned2021-10-29T08:12:04Z
dc.date.available2021-10-29T08:12:04Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2826449
dc.descriptionMIDR506-1 Høgskulen på Vestlandet, Sogndal, Idrettsvitenskap 2021en_US
dc.description.abstractI denne masteroppgåva har eg undersøkt det sportslege tilbodet for jenter i Sogn og Fjordane Fotballkrets. Norges Fotballforbund har ein visjon om «fotball for alle», og at alle skal ha eit godt tilbod og moglegheita til å utvikle sitt potensial, uavhengig av kjønn, ambisjonar, alder og bakgrunn (Larsen, 2011). Formålet med dette prosjektet var å undersøke tilbodet for jenter i eit utval klubbar i Sogn og Fjordane. Eg ville undersøke om klubbane har plass til alle, uansett ambisjonar, for dei som vil vere med for moro og dei som ynskjer å satse på fotballen. Problemstillinga for prosjektet er: «Korleis opplever trenarar det sportslege tilbodet for jenter i eigen klubb? Er det forskjellar i klubbane med damelag og klubbane utan damelag?». For å undersøke problemstillinga har eg nytta tre modellar. Topp/breidde modellen (Larsen, 2011), arenamodellen (Larsen, 2011) og ATDE-modellen (Henriksen, 2010). Ved bruk av desse modellane er fotballspelaren satt i sentrum av fotballaktiviteten, omringa av faktorar og påverknader som vil påverke det sportslege tilbodet, for å syne korleis ulike faktorar i livet til ungdommen vil påverke tilbodet deira. Det er nytta kvalitative intervju for å samle inn data og undersøke opplevingane til trenarane. Tre trenarar frå klubbar med damelag og tre trenarar frå klubbar utan damelag er intervjua. Materialet som er henta inn frå intervjua har danna grunnlaget for tematisk analyse i form av systematisk tekstkondensering og resultat. Funna i prosjektet syner at samtlege trenarar opplever at jentene får vere med i fotballen ut frå sine ynskjer og interesser. Men resultata syner at trenarane opplever at jentene ikkje har eit like godt tilbod som gutane i klubben. Det er og funne nokre forskjellar i klubbane knytt til sportsleg styring, miljø og fråfall. I klubbane med damelag verkar det å vere betre sportsleg styring enn i klubbane utan damelag. Trenarar i klubbar med damelag gir uttrykk for å jobbe lite med miljøet i laget og i desse klubbane fell spelarane frå i overgangen småjentelag til jentelag. Klubbane utan damelag jobbar med miljøet i laget og opplever at spelarane er med så lenge dei har eit tilbod i klubben. Funna i denne studien tyder på at alle jenter som vil spele fotball får eit tilbod. Men at klubbane har eit potensial til å behalde fleire spelarar lenger, både i klubben, og gjennomsamarbeid med andre klubbar. Og at det endå er ein veg å gå for likestilling i fotball.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleSportsleg tilbod for jenter i Sogn og Fjordane Fotballkrets – Opplevingar frå eit trenarperspektiven_US
dc.title.alternativeSports opportunities for girls in Sogn og Fjordane soccer district-Experiences from a coaching perspectiveen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMIDR506en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal