Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAndreassen, Lene
dc.date.accessioned2021-09-01T08:42:48Z
dc.date.available2021-09-01T08:42:48Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2772146
dc.descriptionMasteroppgave i klinisk sykepleie, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractDette er ein samfunnsvitskapleg studie om korleis det norske sjukepleiefaget har posisjonert seg til ivaretaking av sjukepleiar. Bakgrunnen for studien er undringa over manglande undervisning om ivaretakingspraktikkar i bachelorutdanning i sjukepleie og under mastergradutdanning i intensivsjukepleie, trass i at det er velkjend at virket som sjukepleiarar generelt og intensivsjukepleiarar spesielt, kan vere belastande. Formålet med studien er å forstå og forklare korleis det kan ha seg at intensivsjukepleieutdanningar ikkje utdannar intensivsjukepleiarane i å ivareta seg sjølve. Studien er basert på ei antaking om at posisjoneringane til dei som skriv lærebøker i intensivsjukepleie er fundert i den praktiske sansen som dei har inkorporert i det sosiale rommet og feltet som dei agerer i. Analysane som er fundert i Bourdieu sin teori om praktisk sans, praxeologisk vitskapsteori og ein praxeologisk analysestrategi, er basert på ein registrantanalyse av norske lærebøker i sjukepleie generelt og intensivsjukepleie spesielt. Fylgjande forskingsspørsmål har strukturert analysane: Korleis posisjonerer forfattarar av lærebøker i sjukepleie seg i forhold til ivaretaking av sjukepleiar? Korleis kan det ha seg at forfattarar av lærebøker i sjukepleie posisjonerer seg som dei gjer i forhold til ivaretaking av sjukepleiar? Korleis kan eit historisk perspektiv på posisjoneringar om ivaretaking av sjukepleiar bidra til å forstå og forklare at eg ikkje har fått undervisning om ivaretaking av sjukepleiar i intensivsjukepleie-studiet?Analysane visar at det generelt har vore lite fokus på ivaretakingspraktikkar i lærebøker i sjukepleie. Men ivaretaking er nemnt. I lærebøker frå 1877-1940 ser det ut for at det er dei rette eigenskapane og det å underordne seg Gud og legen som bidreg til å ivareta sjukepleiar. I perioden 1941-1984 ser det ut for at det er profesjonell ansvarleg sjukepleie med teoretisk skulering, og arbeidervernlova og arbeidsmiljøet som bidreg til å ivareta sjukepleiar. I perioden 1985-2004 vert det forventa at sjukepleiar tek vare på seg sjølv. I læreboka i intensivsjukepleie som har kome ut i ulike versjonar i perioden 2005 – 2020, er ikkje ivaretaking nemnt. Det kan sjå ut for at lærebokforfattarane av lærebøker i intensivsjukepleie er blitt så vande med at det er lite fokus på ivaretaking av sjukepleiaren, at dei ikkje kjem på at det kunne vere nyttig for intensivsjukepleiarane å lære korleis ivaretaking av sjukepleiar kan gjerast i intensivavdelingar. Lærebøker har ein dominant posisjon i det pedagogiske feltet, dei er på mange vis doxa-berarar, så det at læreboka i intensivsjukepleie ikkje skriv om ivaretaking av sjukepleiaren kan bidra til å forstå og forklare at eg ikkje har fått undervising om ivaretaking av sjukepleiar i samband med intensivutdanning, verken via lærebøker, førelesingar, arbeidskrav eller eksamenaren_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectivaretakingen_US
dc.subjectsjukepleieen_US
dc.subjectintensivsjukepleieen_US
dc.subjectpraktikken_US
dc.subjectpraxeologien_US
dc.subjectBourdieuen_US
dc.subjectregistrantanalyseen_US
dc.titleIvaretaking av sjukepleiaren: Ein praxeologisk studie om korleis lærebøker i sjukepleie har posisjonert seg om ivaretaking av sjukepleiaren_US
dc.title.alternativeCare of the nurse: A praxeological study of how nursing textbooks have positioned themselves on care of the nurseen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMKS591en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal