«.., og der er eg ein streng sjef»: Rektor sitt arbeid med kompetanseutvikling i profesjonsfellesskapet
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2771571Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne masteroppgåva handlar om korleis rektorar tenkjer og handlar kring omgrepet kompetanseutvikling i profesjonsfellesskapet. Oppgåva er skriven i ein kontekst der rektorrolla i fleire ferske styringsdokument blir peika på som sentral for kvalitets- og kompetanseutviklinga i skulen. Samtidig blir det gjennomført mykje nasjonal og internasjonal forsking som seier noko om korleis lærarar og leiinga i skulen skal jobbe og samhandle til det beste for elevane si læring og utvikling. Den kvalitative undersøkinga mi er basert på intervju med seks utvalde rektorar frå ulike skular og frå ulike kommunar. Fem av intervjua vart gjennomført fysisk på skulane, medan eitt vart gjennomført digitalt i programmet Zoom. I intervjua nytta eg digitalt taleopptak som seinare vart gjort om til transkribert tekst. I analysedelen nytta eg programmet NVivo der datamaterialet vart analysert ved koding og kategorisering, og drøfta ved hjelp av teori om skuleleiing og organisasjonslæring.
Hovudfunn i studien kan summerast med at rektorar jobbar både likt, men og ulikt med kompetanseutvikling i profesjonsfellesskapet. Alle rektorane har ei klar orientering mot det som vert kalla produsent- og integratorfunksjonane i ein organisasjon (Strand, 2007). Nokre rektorar peikar seg likevel ut som vesentleg meir opptatt av den kollektive sida av skulen og samstundes ei rolle som er vendt utover sin eigen skule, altså med innslag av det som vert kalla entreprenørfunksjonen. Eg har kalla desse ulike rektorprofilane for den innovervendte -og utovervendte rektoren. Den utovervendte rektoren ser ut til å vere den profilen som tydelegast kan knytast til det som i litteraturen elles vert skildra som leiing av profesjonelle læringsfellesskap.
Beskrivelse
Masteroppgave i organisasjon og ledelse, Høgskulen på Vestlandet