dc.contributor.author | Walquist, Nina Steinsbø | |
dc.date.accessioned | 2021-08-26T11:03:05Z | |
dc.date.available | 2021-08-26T11:03:05Z | |
dc.date.issued | 2021 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/2771382 | |
dc.description | Masteroppgave i organisasjon og ledelse, Høgskulen på Vestlandet | en_US |
dc.description.abstract | Bakgrunn: Eg var ferdig utdanna vernepleiar i 1995, og vart tidleg i yrkeskarrieren min oppteken av somatisk helsehjelp til personar med utviklingshemming. Gjennom erfaring har eg opplevd at det er utfordringar med å yta helsehjelp til denne brukargruppa både i kommunane og i spesialisthelsetenesta. Stortingsmeldingar, NOU og andre offentlege utgreiingar viser at utviklingshemma ikkje har lik tilgang på helsetenester som befolkninga forøvrig. Lovverk og FN-konvensjonen om rettar til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) legg føringar i på at det ikkje er lov å diskriminera på bakgrunn av diagnose.
Føremål: Føremålet med studien var å freista å finna ut kva tilsette i bufellesskap i kommunane og tilsette i spesialisthelsetenesta såg når det gjeld å identifisera og yta somatiske helsehjelp til personar med utviklingshemming. Studien har belyst korleis tilsette i desse organisasjonane opplever kommunikasjon og kommunikasjonsutfordringar som ein utfordrande faktor for å yta helsehjelp. Vidare har den belyst kompetanse og haldningar som utfordrande faktorarar. Og til sist har den belyst internt og eksternt samarbeid og samhandling for å yta naudsynt somatisk helsehjelp til desse personane.
Metode: Studien har eit kvalitativt design med intervju som metode. Undersøkinga er basert på intervju av seks tilsette i bufellesskap i ulike kommunar og to tilsette i spesialisthelsetenesta. Analysen er gjort utifrå ei temaanalytisk tilnærming.
Problemstilling: Studien stiller spørsmål om kva utfordringar tilsette i bufellesskap i kommunane og tilsette i spesialisthelsetenesta meiner det er når det gjeld å gi personar med utviklingshemming naudsynt somatisk helsehjelp og kva dei oppfattar er årsakene til det.
Resultat: Funn i studien viser at tilsette i dei ulike organisasjonane erfarer at det er nokre utfordringar knytt til å yta somatisk helsehjelp til personar med utviklingshemming. Kommunikasjonsproblem vert peika på som ei av dei største utfordringane. Dette til dømes i form av manglande verbalt språk og at uttalte ord og kroppsspråk for dei som har eit verbalt språk, ikkje alltid stemmer overeins. Manglande kompetanse på ulike områder i organisasjonane er også eit funn i studien. Når det gjeld haldningar til brukargruppa kjem det fram at det har vore ei positiv samfunnsutvikling dei seinare åra. Det er ulike utfordringar knytt til både internt og eksternt samarbeid og samhandling kring dette temaet. | en_US |
dc.language.iso | nob | en_US |
dc.publisher | Høgskulen på Vestlandet | en_US |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.subject | ledelse | en_US |
dc.subject | organisasjon | en_US |
dc.subject | utviklingshemming | en_US |
dc.title | Tilgang på somatiske helsetenester til personar med utviklingshemming | en_US |
dc.title.alternative | Access to somatic health services for developmentally disabled persons | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.description.localcode | MR691 | en_US |