Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSolheim, Heidi Anita Særsten
dc.date.accessioned2021-08-25T07:59:45Z
dc.date.available2021-08-25T07:59:45Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2771091
dc.descriptionMasterstudium i organisasjon og leiing – utdanningsleiing, Høgskulen på Vestlandeten_US
dc.description.abstractProblemstillinga i dette forskingsprosjektet er: Korleis opplever og handterer leiarar og lærarar at profesjonsfagleg fellesskap i bunden tid bidrar til skuleutvikling? Føremålet med studiet har vore kunnskapsutvikling, med mål om auka forståing for korleis dei som står i praksis erfarer og handterer ny regulering, og korleis dette vert forstått og praktisert, i ein allereie etablert organisasjon, med sin struktur og kultur. Forskingsprosjektet er eit casestudie, med hermeneutisk tilnærming, Det er nytta kvalitativ metode og semistrukturert intervju. To skuleleiarar og fem lærarar har delt erfaringar og refleksjonar frå eigen skulekvardag. Gjennom temabasert analyse er det søkt etter mønster og tendensar i det empiriske materialet. Det er dette som dannar grunnlag for dei overordna funna. Det overordna teoretiske rammeverket bygger på Scott (2014) sin institusjonelle teori om tre pilarar; den regulative, den normative og den kulturelt-kognitive. Føresetnaden for ein lærande organisasjon er at det er relasjon mellom dei tre grunnpilarane. I studiet finn eg at det er lagt til rette for ulike formelle profesjonsfaglege fellesskap i casene. Informantane seier at dei opplever auka behov for å samarbeide. Lærarane fortel at dei vil ha systematikk i utviklingsarbeidet. Det må opplevast meiningsfullt, og ta utgangspunkt i arbeidet i klasserommet. Leiarane seier dei er medvitne på nye føringar og eiga rolle. Tydlegare rammer og innhald for det profesjonsfaglege fellesskapet er i endring og utvikling. Mi vurdering er at leiarane møter nye regulative føringar med å gjere endringar i skulen sine normative retningsliner. Dei tilsette er meiningssøkane, og agerer ut frå sine opplevingar av røynda. Det er ein pågåande dynamisk prosess der nye føringar og prinsipp møter skulen sin struktur og kultur. Det er relasjon og spenning mellom grunnpilarane; den regulative, den normative og den kulturelt-kognitive (Scott, 2014).en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectledelseen_US
dc.subjectorganisasjonen_US
dc.subjectskoleutviklingen_US
dc.titleProfesjonsfellesskap og skuleutviklingen_US
dc.title.alternativeProfessional environment and school developmenten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMR691en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal