Profesjonsfellesskap og skuleutvikling
Abstract
Problemstillinga i dette forskingsprosjektet er: Korleis opplever og handterer leiarar og lærarar at profesjonsfagleg fellesskap i bunden tid bidrar til skuleutvikling? Føremålet med studiet har vore kunnskapsutvikling, med mål om auka forståing for korleis dei som står i praksis erfarer og handterer ny regulering, og korleis dette vert forstått og praktisert, i ein allereie etablert organisasjon, med sin struktur og kultur. Forskingsprosjektet er eit casestudie, med hermeneutisk tilnærming, Det er nytta kvalitativ metode og semistrukturert intervju. To skuleleiarar og fem lærarar har delt erfaringar og refleksjonar frå eigen skulekvardag. Gjennom temabasert analyse er det søkt etter mønster og tendensar i det empiriske materialet. Det er dette som dannar grunnlag for dei overordna funna. Det overordna teoretiske rammeverket bygger på Scott (2014) sin institusjonelle teori om tre pilarar; den regulative, den normative og den kulturelt-kognitive. Føresetnaden for ein lærande organisasjon er at det er relasjon mellom dei tre grunnpilarane. I studiet finn eg at det er lagt til rette for ulike formelle profesjonsfaglege fellesskap i casene. Informantane seier at dei opplever auka behov for å samarbeide. Lærarane fortel at dei vil ha systematikk i utviklingsarbeidet. Det må opplevast meiningsfullt, og ta utgangspunkt i arbeidet i klasserommet. Leiarane seier dei er medvitne på nye føringar og eiga rolle. Tydlegare rammer og innhald for det profesjonsfaglege fellesskapet er i endring og utvikling. Mi vurdering er at leiarane møter nye regulative føringar med å gjere endringar i skulen sine normative retningsliner. Dei tilsette er meiningssøkane, og agerer ut frå sine opplevingar av røynda. Det er ein pågåande dynamisk prosess der nye føringar og prinsipp møter skulen sin struktur og kultur. Det er relasjon og spenning mellom grunnpilarane; den regulative, den normative og den kulturelt-kognitive (Scott, 2014).
Description
Masterstudium i organisasjon og leiing – utdanningsleiing, Høgskulen på Vestlandet