Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGjærde, Sara
dc.date.accessioned2021-08-13T06:24:11Z
dc.date.available2021-08-13T06:24:11Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2767663
dc.descriptionMaster i barne- og ungdomslitteratur Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolkingen_US
dc.description.abstractDenne masteroppgåva undersøker kva rolle kropp og utsjånad speler i framstillinga av karakterar i eit utval skjønnlitteratur for barn og unge. Eit sentralt delaspekt blir å studere kva konsekvensar synet på eigen kropp har for protagonistane si sjølvkjensle. Prosjektet tek utgangspunkt i dei to barnebøkene Kampen mot superbitchene (2014) av A. Audhild Solberg og Mirakel (2018) av Raquel Jaramillo Palacio. I desse bøkene møter ein på to protagonistar som har ein utsjånad og kroppslege trekk som gjer at dei skil seg sterkt ut frå andre, og som fører til at dei blir utestengd frå fellesskapet med jamnaldrande. Ettersom eg undersøker dei litterære karakterane sine syn på protagonisten sin kropp og utsjånad bruker eg blant anna The Rhetoric of Character in Children´s Literature (2002) av Nikolajeva som bakteppe i forståinga av korleis litterære karakterar i barne- og ungdomslitteratur opptrer og blir oppfatta i eit narrativ. I tillegg bruker eg narrativ teori frå Lothe (2003) og Gaasland (1999) for å forstå dei litterære karakterane i ein større narratologisk kontekst. Eg trekkjer også inn innsikter frå andre fagfelt enn litteraturen for å presentere teori om kropp og sjølvkjensle. Funna i nærlesingane viser at dei to protagonistane i byrjinga av boka har ei ganske låg sjølvkjensle mykje på grunn av eit dårleg sjølvbilete med tanke på eigen kropp og utsjånad. Eit fellestrekk for dei to barnebøkene er at protagonistane blir dømt av andre jamnaldrande ut frå korleis dei ser ut, og dei blir dermed haldne utanfor fellesskapet. I løpet av forteljingane opplever protagonistane å få nye vener både på skulen og på fritida, og dei opplever i større grad enn før å bli inkludert i eit fellesskap og godtekne for den dei er. Dette har stor tyding for sjølvkjensla deira. Funna i analysane og drøftinga peikar på kva rolle litteraturen kan ha i å skildre korleis negative reaksjonar på ein uvanleg utsjånad kan skape utanforskap, men også i å skildre korleis det finst vegar til aksept og inkluderingen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleLitteratur og kropp: Ein analyse av førestellingar om kropp i to skjønnlitterære barnebøker.en_US
dc.title.alternativeLiterature and the Body: An Analysis of Body Conceptions in two Fictional Children´s Books.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMBUL550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal