Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVeum, Lene
dc.date.accessioned2021-06-29T10:35:45Z
dc.date.available2021-06-29T10:35:45Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2762263
dc.descriptionMaster i fysisk aktivitet og kosthald i eit skolemiljø Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for idrett, kosthald og naturfag 27.05.2021en_US
dc.description.abstractDenne studien tek føre seg kva faktorar rektor og lærarar opplever er sentrale ved etablering og vidareføring av tiltak for auka fysisk aktivitet på ein barneskule/utviklinga av fysisk aktivitet på ein barneskule. For samfunnet totalt sett er befolkninga si helse ein sentral ressurs, og fokuset på fysisk aktivitet har vorte viktigare i samfunnet vårt, hovudsakeleg frå 2000-talet og utover. Departementa rettar ein uro mot at barn og unge ikkje når anbefalinga om minimum ein time dagleg fysisk aktivitet, då det viser seg at blant unge søkk stadig aktivitetsnivået (Høie et al., 2016). Regelmessig fysisk aktivitet er eit viktig tiltak for å fremje normal utvikling, samt fysisk form og god helse blant barn og unge. Skulen er ein naturleg arena for førebyggande folkehelsetiltak fordi ein over lang tid kan påverke dei aller fleste barn positivt, frå dei er 6 til 16 år gamle, uavhengig av sosioøkonomiske forhold og foreldra sine vanar og haldningar til fysisk aktivitet (Naylor & McKay, 2009). Studiar viser at skular sett i verk tiltak for auka fysisk aktivitet ikkje opprettheldt dette etter at prosjektperioden er avslutta (Skage & Dyrstad, 2019). Generelt har få studiar fokusert på vidareføring av skulebaserte fysisk aktivitet intervensjonar etter fullførte forskingsstudiar (Lerum et al., 2019; Skage et al., 2020). Det manglar kunnskap om korleis fysisk aktivitet kan vidareførast og føre til varig endring i skulen etter prosjektperioden er over. Føremålet med denne studien er å undersøkje ein barneskule som har dagleg fysisk aktivitet som satsingsområde, for å få auka kunnskap om kva som er sentralt ved etablering og vidareføring av tiltak for auka fysisk aktivitet i skulen. Problemstillinga studien ynskjer å svare på er: Kva faktorar opplever rektor og lærarar er sentrale ved etablering og vidareføring av tiltak for auka fysisk aktivitet på ein barneskule? Studien har teori om utviklingsarbeid som overordna teoretisk ramme, der det blir sett på forskjellige fasar i endringsprosessen; initieringsfasen, implementeringsfasen og vidareføring. For å belyse problemstillinga blei det nytta kvalitativ casestudie som metode, med semistrukturerte djupneintervju. Det blei gjennomført eit individuelt intervju med rektor, og to minigruppeintervju med to lærarar i kvart intervju. Intervjua blei transkribert, koda og kategorisert ut i frå ein tematisk analyse. Casen består av ein barneskule som har dagleg fysisk aktivitet som satsingsområde. Studien undersøkjer kva faktorar rektor og lærarar ved caseskulen opplever å ha vore viktig skulen si satsinga på auka fysisk aktivitet. Funna viser ei rekkje faktorar som vart oppfatta som sentrale ved etablering og vidareføring av tiltak for auka fysisk aktivitet. Hovudfunna frå studien indikerer at rektor og leiinga har vore viktig for skulen si satsing på auka fysisk aktivitet, både i form av støtte og motivasjon til lærarane, samt eige engasjement. Ein god delekultur blant lærarane, der lærarane samarbeida om undervisningsopplegg og erfaringar, har påverka utviklinga i ein positiv retning. Informantane var engasjert i satsinga på auka fysisk aktivitet, og utvikling av tiltaket. Dette kan forklarast med elevane sin mottaking, opplevd nytteverdi og eigarskap til utviklinga av fysisk aktivitet på skulen. Formaliseringa av fysisk aktivitet både ved å timeplanfeste fysisk aktivitet, samt dreiinga mot FAL og læring har vore sentral. Samarbeidet skulen har hatt både med høgskulen i området og andre skular, har vore viktige faktorar for caseskulen si satsing på auka fysisk aktivitet. Frå høgskulen og andre skular, har lærarane og rektor fått inspirasjon og kompetanse, og skulebesøka på caseskulen har bidrege til at skulen har klart å halde fokuset på fysisk aktivitet over tid.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectfysisk aktiviteten_US
dc.subjectutviklingsarbeiden_US
dc.subjectrektoren_US
dc.subjectlærararen_US
dc.subjectbarneskuleen_US
dc.titleSentrale faktorar ved etablering og vidareføring av tiltak for auka fysisk aktivitet på ein barneskuleen_US
dc.title.alternativeKey factors in establishment and continuation of measures for increased physical activity in a primary schoolen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMFAKS514en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal