Fysisk aktivitet som del av behandlingsopplegg i ei psykiatrisk avdeling
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/273534Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Fysisk aktivitet kan leie vekk negative tankar og bekymringar, auke evna til å meistre stress og bidra til betre sjølvkjensle. Når ein skal motivere ungdom med depresjon til fysisk aktivitet bør ein legge vekt på ungdommen sine eigne erfaringar og føresetnader. Noko av det som er viktig i motivasjonsarbeidet er at treningsopplegget er individualisert, at relasjonen mellom sjukepleiar og pasient er god, motiverande samtalar og sjukepleiaren sin kunnskap og haldning til fysisk aktivitet. Det er avgjerande om aktiviteten er prega av indre eller ytre motivasjon. Indre motivasjon vil vare lengst på lang sikt. Gjennom eit kartlagt og planlagt opplegg, der fysisk aktivitet er forankra i leiinga, kan ein motivere til at ungdommen kjem i gang med aktivitet. Det er viktig at ein tek omsyn til kva aktivitetar ein kan dra nytte av i nærleiken, samt kva interesser ungdommen har. Det er viktig å legge vekt på at fysisk aktivitet åleine ikkje kan fjerne dei underliggande årsakene til at ein er deprimert. Desse bør behandlast ved hjelp av andre metodar, som til dømes samtalebehandling med psykolog.