dc.description.abstract | Formålet ved denne studien var å undersøke kva betydning forholdet til naturen i oppveksten har for haldningane til naturen i vaksen alder? For å finne ut av dette nytta vi oss av eit individuelt kvalitativt intervju av 4 vaksne informantar som sjølve definerer seg som brukarar av friluftsliv. Resultata viser at familien har vore viktig for sosialiseringa til naturen, gjennom arbeid og turar i naturen gjennom oppveksten. Frileik med vennar har vore viktig for å bli kjent med naturen og friluftslivet. Uavhengig om ein har vakse opp i bygd eller by, og med ulik natur, har den frie leiken i natur vist seg å vere eit fellestrekk. Alle informantane har hatt naturen rett utanfor døra, og dermed lett tilgjengeleg. Informantane våre syner at gode erfaringar, kunnskap og opplevingar til naturen i oppveksten, kan gje gode haldningar til naturen i vaksen alder. Teorien viser at det kan vere ein samanheng mellom erfaringar med natur i oppveksten og haldningar til natur, noko informantane i denne studien synes å bekrefte. Vi kom fram til at forholdet til naturen i oppveksten gir kunnskap, forståing og erfaring samtidig som det skaper kjensler til naturen. På bakgrunn av dette har vi konkludert med at Forholdet til naturen i oppveksten dannar eit grunnlag for dei eigenskapane ein treng for å danne gode og bevisste haldningar til naturen, og speler derfor ein viktig rolle for vår haldningsdanning. | en_US |