dc.contributor.author | Thrane, Karin Flatabø | |
dc.date.accessioned | 2020-08-31T08:57:29Z | |
dc.date.available | 2020-08-31T08:57:29Z | |
dc.date.issued | 2020 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/2675638 | |
dc.description | Masterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing.
Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap.
Institutt for samfunnsvitskap.
12.06.20 | en_US |
dc.description.abstract | Bakgrunn og føremål: Konfliktar på arbeidsplassen er noko dei fleste har både erfaring med
og har observert frå utsida. Dette er gjerne eit sensitivt tema i arbeidsmiljøet, og kan føre til
store omkostningar for både verksemd, arbeidsgivar og arbeidstakar dersom det ikkje vert
teke tak i og handtert på eit tidleg tidspunkt. Å handtere konfliktar er ei viktig leiaroppgåve.
Føremålet med denne studien var å undersøkje kva erfaringar kommunale mellomleiarar i
helsesektoren har med bruk av prosedyrar for konflikthandtering på arbeidsplassen.
Metode: Det vart nytta kvalitativ metode i denne studien. Data vart samla inn frå åtte
mellomleiarar som arbeider i helsesektoren i tre ulike kommunar i to fylke. Dei fortalte til
saman 31 historiar om eiga handtering av konfliktar. Det vart nytta individuelle intervju og
tematisk analyse i seks fasar etter Braun og Clarke (2006).
Funn og Konklusjon : Studien viser at informantane opplever at dei har mangelfull formell
kunnskap om konflikt og konflikthandtering, men at dei har opparbeidd seg erfaringsbasert
kunnskap om temaet. Over tid har dei endra syn og tilnærming til konfliktar. Informantane har
erfaringar med at prosedyrane kunne vera både føremålstenlege og til hinder, noko som fører
til at prosedyrane vert brukt i varierande grad. Somme støttar seg til prosedyrane og brukar
dei systematisk, andre legg større vekt på eigne erfaringar, skjønn og dømmekraft. Sjølv om
informantane opplever mangelfull formell kunnskap, kjem det fram at dei i stor grad brukar
prinsippa om saksgang. Den tause kunnskapen og skjønnet informantane har opparbeidd
gjennom erfaringar, er såleis ein ressurs i arbeidet med konflikthandtering.
Det kan sjå ut til at generell opplæring og kompetanseheving innan konflikthandtering i for
liten grad er systematisert i kommunane i denne studien. | en_US |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | Høgskulen på Vestlandet | |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.subject | Konflikt | en_US |
dc.subject | konflikthandtering | en_US |
dc.subject | prosedyrar | en_US |
dc.subject | læring | en_US |
dc.subject | erfaring | en_US |
dc.subject | dømmekraf | en_US |
dc.subject | skjønn | en_US |
dc.title | Kva erfaringar har kommunale mellomleiarar i helse – og omsorgssektoren med bruk av prosedyrar for konflikthandtering på arbeidsplassen? | en_US |
dc.title.alternative | Which experiences do municipal department/middle managers have in the health and care sector with the use of conflict management procedures at the workplace? | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.source.pagenumber | 118 | en_US |
dc.description.localcode | MR691 | en_US |