Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorThrane, Karin Flatabø
dc.date.accessioned2020-08-31T08:57:29Z
dc.date.available2020-08-31T08:57:29Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2675638
dc.descriptionMasterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing. Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Institutt for samfunnsvitskap. 12.06.20en_US
dc.description.abstractBakgrunn og føremål: Konfliktar på arbeidsplassen er noko dei fleste har både erfaring med og har observert frå utsida. Dette er gjerne eit sensitivt tema i arbeidsmiljøet, og kan føre til store omkostningar for både verksemd, arbeidsgivar og arbeidstakar dersom det ikkje vert teke tak i og handtert på eit tidleg tidspunkt. Å handtere konfliktar er ei viktig leiaroppgåve. Føremålet med denne studien var å undersøkje kva erfaringar kommunale mellomleiarar i helsesektoren har med bruk av prosedyrar for konflikthandtering på arbeidsplassen. Metode: Det vart nytta kvalitativ metode i denne studien. Data vart samla inn frå åtte mellomleiarar som arbeider i helsesektoren i tre ulike kommunar i to fylke. Dei fortalte til saman 31 historiar om eiga handtering av konfliktar. Det vart nytta individuelle intervju og tematisk analyse i seks fasar etter Braun og Clarke (2006). Funn og Konklusjon : Studien viser at informantane opplever at dei har mangelfull formell kunnskap om konflikt og konflikthandtering, men at dei har opparbeidd seg erfaringsbasert kunnskap om temaet. Over tid har dei endra syn og tilnærming til konfliktar. Informantane har erfaringar med at prosedyrane kunne vera både føremålstenlege og til hinder, noko som fører til at prosedyrane vert brukt i varierande grad. Somme støttar seg til prosedyrane og brukar dei systematisk, andre legg større vekt på eigne erfaringar, skjønn og dømmekraft. Sjølv om informantane opplever mangelfull formell kunnskap, kjem det fram at dei i stor grad brukar prinsippa om saksgang. Den tause kunnskapen og skjønnet informantane har opparbeidd gjennom erfaringar, er såleis ein ressurs i arbeidet med konflikthandtering. Det kan sjå ut til at generell opplæring og kompetanseheving innan konflikthandtering i for liten grad er systematisert i kommunane i denne studien.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectKonflikten_US
dc.subjectkonflikthandteringen_US
dc.subjectprosedyraren_US
dc.subjectlæringen_US
dc.subjecterfaringen_US
dc.subjectdømmekrafen_US
dc.subjectskjønnen_US
dc.titleKva erfaringar har kommunale mellomleiarar i helse – og omsorgssektoren med bruk av prosedyrar for konflikthandtering på arbeidsplassen?en_US
dc.title.alternativeWhich experiences do municipal department/middle managers have in the health and care sector with the use of conflict management procedures at the workplace?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber118en_US
dc.description.localcodeMR691en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal