Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBø, Linn Ulvatn
dc.coverage.spatialFørde, Vestlanden_US
dc.date.accessioned2020-08-13T07:46:31Z
dc.date.available2020-08-13T07:46:31Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2671824
dc.description.abstractTittel: Korleis fremje verdigheit i kvardagen hjå personar med demens? Bakgrunn for val av tema: I Norge lever 80 000-100 000 menneske med demens, og det er førespegla ei fordobling frå år 2015 til år 2050. Forsking viser at mange som lever med demens opplever at verdigheita deira er truga. Dette er alvorleg, då eit verdig tenestetilbod er lovfesta og viktig for livskvaliteten. Sjukepleiar har ei sentral rolle i arbeidet for å fremje oppleving av verdigheit i kvardagen, og eg har sjølv eit sterkt engasjement for denne komplekse pasientgruppa. Problemstilling: Korleis fremje verdigheit i kvardagen hjå personar med demens? Metode: Oppgåva er basert på litteraturstudie som metode. Det er nytta fem forskingsartiklar i oppgåva, samt relevant faglitteratur. Dette vert diskutert saman med case med eigne erfaringar frå praksis. Forskinga rettar seg hovudsakleg mot korleis betre kvardagen og yte god sjukepleie til personar med demens. Funn og konklusjon: Det er fleire forhold som gjer demenssjuke til ei sårbar gruppe, som er utsett for oppleving av krenkja verdigheit. Årsaka er samansett, der symptom, tap av identitet og eit behov for hjelp står sentralt, men det kan også kan vere relatert til pleierelasjonen. For å fremje verdigheit i kvardagen hjå demenssjuke er kontinuitet i pleiepersonale og relasjonen mellom brukar og sjukepleiar avgjerande. Dette kan bidra til at brukar framleis kan leve eit liv i tråd med eigne verdiar, og at integritet og verdigheit vert understøtta. Sjukepleiar må trene seg på å tolke brukars ynskje og behov og gjere kontinuerleg vurdering av det endrande omsorgsbehovet. For å få dette til krevst det godt samarbeid, ei fornuftig organisering av tenesta og god kjemi mellom brukar og sjukepleiar.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse og sosialvitskapen_US
dc.subjectVerdighet,en_US
dc.subjectkontinuitet,en_US
dc.subjectrelasjon,en_US
dc.subjectdemens,en_US
dc.subjecthjemmesykepleieen_US
dc.titleKorleis fremje verdigheit i kvardagen hjå personar med demens?en_US
dc.title.alternativeHow to promote dignity in everyday life for people with dementia?en_US
dc.typeBachelor thesisen_US
dc.source.pagenumber22en_US
dc.description.localcodeSK152en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel